TV-aksjonen 2020:

Gav under landssnittet

Rindalingane gav i snitt 38,59 kroner per person, surnadalingane 29,39 kroner.

Publisert

Søndag var sjølve aksjonsdagen for TV-aksjonen 2020, der inntektene går til World Wildlife Foundation (WWF) sitt arbeid for å bekjempe plast i havet.

Søndag kveld hadde aksjonen, som har vorte arrangert kvar haust sidan 1974, fått inn over 215 millionar kroner. Det er fem millionar mindre enn på same tid i fjor, då pengane gjekk til CARE.

I 2019 enda totalbeløpet til slutt på 240 millionar kroner.

Rindal, med sine 2003 innbyggjarar, hadde ved slutten av aksjonsdagen samla inn 77 305 kroner. Det gjev eit gjennomsnitt på 38,59 kroner per innbyggjar, som er 1,75 kroner under landssnittet på 40,34. I fjor var totalen på 161 715 kroner.

Sett i samanheng samla rindalingane, per innbyggjar, inn 8. mest av dei 38 kommunene i Trøndelag, og 131. mest av dei 357 kommunene i Noreg.

Frå 2016-2019 har bidraget per innbyggjar i Rindal vore på henhaldsvis 76, 82, 80 og 79 kroner, så koronapandemien og det påfølgjande fråvêret av bøsseberarar har hatt stor innverknad på totalen.

I fjor vart det i Rindal samla inn 71 699 kroner berre via bøsser, medan talet frå digitale bøsser i år er på 32 493 kroner. I tillegg gjer smittevernomsyn at innsamlingane frå skular og barnehagar er vekk, og går frå 36 471 kroner i fjor til 0 i år.

I Surnadal var det søndag kveld samla inn 173 968 kroner , mot 296 619 kroner i 2019. Totalen i år gjev eit gjennomsnitt på 29,39 kroner per innbyggjar, snaue 11 kroner under landssnittet.

Dei fire siste åra har Surnadal sitt snitt vore på 51, 52, 47 og 49 kroner per person.

Samanlikna med resten av Møre og Romsdal, er Surnadal i år nummer 25 av 26 kommuner, og nummer 262 av 357 kommunar.

Surnadalingane samla inn 32 493 kroner ved hjelp av bøsser, mot 145 358 kroner i fjor.

Det er framleis mogleg å bidra til TV-aksjonen, via digitale bøsser:

Powered by Labrador CMS