Rindalskirka, gravstener stikk opp av snøen

Preika i Rindal kyrkje sundag 

Lene Gåsvatn har sendt inn preika fra Rindal kyrkje sundag:

Himmelen opna seg.

Mange av oss har eit tilvære i spennet mellom røyndom og draum, mellom slik det er og tankane om korleis det kunne vore. Kva så om dette me drøymer om allereie har hendt slik at livet er optimalt slik det er no? Slik vart det preika i Rindalskyrkja sundag 14. januar:

Markus 1,3-11

Ei røyst ropar i øydemarka:

Rydd Herrens veg,

gjer stigane hans rette!

Slik stod døyparen Johannes fram i øydemarka. Han forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene. Frå heile Judea og Jerusalem drog alle ut til han. Dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva.

Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lêrbelte om livet, og han levde av grashopper og villhonning. Han forkynte:

«Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg, og eg er ikkje verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans. Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den heilage ande.»

På den tida kom Jesus frå Nasaret i Galilea og vart døypt av Johannes i Jordan.

Straks han steig opp av vatnet, såg han himmelen dela seg, og han såg Anden dala ned over seg som ei due. Og det kom ei røyst frå himmelen: «Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede.»

Soria Moria slott. Eventyrserie i 12 bilete. Måla av Theodor Kittelsen år 1900. Meir treng vel ikkje å seiast før me er der, på vegen mot slottet som ligg langt der framme og lyser.

Soria Moria-erklæringa frå 2005 vart noko grå og kvardagsleg i forhold. Så har den heller ikkje namn ifrå politisk mål og intensjon, men frå hotellet leiarane frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk venstreparti møttest på. Det var då endå noko.

Soria Moria. Finare kan det ikkje bli, der det ligg og lyser langt der framme. Omgjevnadane kan vera så som så, men det er verd turen, verd strevet, verd innsatsen.

Å samanlikne kunstnarar er som å diskutere smak. Det går ikkje. Men uansett kva type smak me måtte ha, blir det så Theodor Kittelsen både treff oss og møter oss.

Han på det visuelle som poeten Olav H. Hauge gjer det med orda om draumen me ber på.

Og båe har dei det til felles at Soria Moria og draumen ikkje er her, men der. Der framme, der det skal skje.

 

Men kva om det alt har skjedd. Har me ikkje merka det? Gløymde me kva samanheng me stod i – på det djupaste eksistensielle, det livsviktige, det me mest av alt trengte. Gløymde me at me allereie har det, lever i det, eig det?

Himmelen opna seg over Jesus. Han opna seg, eller revna, eller sprakk. Nei, det var ikkje slik at det høyrdest som når ein bit tøy revnar, men det syns. Og det høyrdest, med Guds eiga stemme: Du er Son min, som eg elskar, i det har eg mi glede.

Løpet har starta. Jesu frelsargjerning startar med å lata seg dyppe og døype i Jordan, slik syndarar flest meinte dei kunne ha godt av. Johannesdåpen hadde vel omtreng same meining den gongen som skriftemålet har no: Er det noko som ligg på folk så det plagar oss, så kan dette handfaste oppgjeret med fortida gjera godt for ei herja sjel. I Jordan fekk dei vaska seg, mens me hjå oss får ei hand på hovudet med erklæring om at syndene er tilgjevne i Jesu namn. All erfaring då som no tilseier at det kan vera bra å gjera det regelmessig.

Jesus har ikkje gjort noko gale, men han oppfører seg som om han hadde gjort det. Dette er Jesu frelsargjerning. Dette er Jesu solidaritet. Dette er måten Jesus er på for å, ikkje berre vise at han er ein av oss, men for å vera ein av oss. Oss dødelege.

Og så er me ikkje lengre dødelege fordi han, den evige, går inn under våre kår og bøyer nakken under overmakta me ikkje klarte ut med. Altartavla vår talar sitt tydelege språk om at dette skjer.

Soria Moria er ikkje lengre der framme, men det er her. Midt i vår kvardag av ein etterjulsvinter. Himmelen revna over Jesus, og Gud har på ingen måte intensjon om å bøte den i hop att. Himmelen har opna seg over oss som den gjorde det over han.

Og vågen Olav H. Hauge skriv at me ikkje visste om, den gleid me inn på i døypevatnet. For dei fleste er det så lenge sidan at me ikkje hugsar det, men vitna og kyrkjebøkene seier at det skjedde. Himmelen revna over oss og Guds stemme sa til kvar og ein av oss at me er borna hans som han elskar.

Kan me ha det betre? Er det meir å oppnå?

Ja. Me kan ha det betre. Og ja, det er meir å oppnå.

Kristenlivet er ikkje betre enn andre liv. Det er mangt me må bøye nakken for, mang ei overmakt. Og ikkje minst, så kjem me til kort. Det er som med kunnskap: Veit du lite, er det såre enkelt å tru at du kan alt og ansjå deg som meir eller mindre verdensmester. Oftast irriterande for anna folk. Veit du mykje, så har du også ein viss forstand på kor uendeleg mykje du ikkje veit.

Slik er det også med ufulkommenheita vår: Er me obs., så ser me også omfanget av korleis me krenkar kvarandre, og dermed også Gud, i tankar, ord og gjerningar. Er me obs., så ser me også at me har lite å vera stolte for. Snarare tvert imot. Og faktisk er slike menneske også blant dei eg sjølv set høgast.

Er det ikkje slik då, at folk som ikkje er så irriterande stolte over seg og sitt har det mest romslege sinnet og dei mest kjærlege augene?

Og eg vil faktisk tru at om me, som me ber om i klokkarbøna i starten av kvar einaste gudsteneste, lærer å sørge over syndene våre, så oppnår me betydeleg mykje meir.

For sorga over syndene står i ein samanheng: Guds Heilage Ande opnar hjarta vårt fyrst, deretter kjem sorga over synda, og så kjem livet i tru på Guds nåde og fornyinga i eit sant og heilagt liv i lag med kvarandre.

Det er ein fin ting å kvile i Gus kjærlege nåde. Vel unt, dei som klarer det. Og den dagen kjem snart nok for oss også at det er berre det me klarer.

Men enn så lenge har me meir å utforske, meir å lære, meir å gjera.

Skal verda få vita at himmelen har opna seg og og framtida med den, er det me som er vår samtid sine vitne om at så har skjedd. Det er oss det kviler på.

Gå ut og kyss din kvardag. Og sjå stort både på frelsa, kallet og dine samtidige.

Sjølv vil eg supplere med å bruke dagens fyrste salme aktivt i bønelivet framover.

Dei menneskelege vilkåra har faktisk ikkje endra seg så mykje sidan Ludwig Andreas Gotter sat med fjørpennen sin og skreiv «Du nådens sol og vete, og Jesus, livets liv» sist på 1600-talet.

111 Du nådens sol og sete

1 Du nådens sol og sete,
o Jesus, livets liv,
ditt lys, din trøst,
din glede meg i mitt hjerte giv!
La meg din godhet nyte,
la den min ånd få pryde,
min lyst og ære bliv!

2 Fra deg mitt håp begynner,
og det forblir hos deg.
Forlat meg mine synder,
og slipp meg, Herre, ei!
Akk, la ditt hjertes
tale min trette sjel husvale,
o Herre, hør du meg!

3 Fordriv av hu og sinne den gamle Adams lyst,
og bygg deg selv der inne ditt tempel i mitt bryst,
så alt mitt liv må være oppofret deg til ære
som dyrt meg har forløst.

4 Å, la meg alltid finnes
i lysets rette drakt,
og la meg alltid minnes
min dåps den dyre pakt,
så glad jeg deg alene
i liv og død må tjene
tross helveds list og makt.

5 Lær meg å elske, Herre,
lær meg å elske deg!
Mitt hjerte det vil være
kun ditt evindelig.
Deg, Herre, vil jeg følge
henover dypets bølge,
å, drag og hold du meg!

6 Ja, Jesus, gi meg evne,
gi du meg kraft og mot
alt ondt du vet å nevne,
å trede under fot!
Jeg intet kan utrette,
kun du kan gjøre dette,
min Frelser, stor og god!

Powered by Labrador CMS