fugletittetårn 3_1024x603

Nyhetskavalkade Rindal 2011 - november

Årets nyhetskavalkade på Trollheimsporten for Rindal er henta frå "Rindal i ord i bilde", som er å finne i årsskriftet for Rindal Heimbygdlag. For Surnadal vil ein eigen nyhetskavalkade kome kvar dag. Begge kavalkadane kjører bilder og nyheter og skal du få med deg alt kjem nyhetene for ein månad kvar dag fram til 1. januar 2012. I dag er det mai 2011 i kavalkaden for Rindal og 15 arkitektstudentar ved NTNU bygde fugletittetårn ved Igltjønna!

 

Du kan lese alle sakene på Kavalkade under På Porten når du er på Hovedsida. Ellers finn du stoffet hos Rindal Heimbygdlag som har informasjonsside på Trollheimsporten - kavalkadane ligg på nyhetssida deira. Du finn alle månadane i kavalkadeform her på Kavalkade under På Porten, når du er på Hovedsida.

November 2011
Kommunen har kutta ut stillinga som ungdomskonsulent. Men både rådmannen og den avtroppande ungdomskonsulenten Åse Børset er tydelege på at det framleis skal arbeidast med MOT. – MOT er svært viktig for oss, sa rådmann Bjarne Nordlund. Børset var attende som kunst- og handverkslerar ved Øvre Rindal skole. Med to små ungar vart det i meste laget i jobben som ungdomskonsulent.

Profero i Surnadal foreslo Trollheimsvegen som namn på vegenb gjennom seks kommunar rundt Trollheimen. Dette for å trekkje fleire turistar til regionen. Forslaget fekk også politisk støtte.

Nasjonale prøvar bar bod om at femteklassingane i Rindal er blitt kløpparar til lese. Dei låg på 1,7 i fjor. No er dei oppe på 2,3, eit resultat godt over fylkessnittet og best av alle på Nordmøre. Det har vore arbeidd godt og vi har venta på resultatet, sa skulefagleg ansvarleg Kjellaug Foseide (til venstre), som gleda seg over resultatet.

Eksordførar John Ole Aspli leita etter arbeid og var blant søkjarane til stillinga som kommunalsjef i Surnadal. Den gjekk til Karin Åsbø.

Arkitektane til skimuseet i Rindal karakteriserer prosjektarbeidet som krevande. Dette, samt at tømmeret i Heggemsfjøset er dårlegare enn ein først trudde, gjer at arbeidet er forsinka med 7-8 månader. Under eit lunsjmøte i Rindal Næringsforum kunne kulturkonsulent Morten Møller opplyse at ein har gått noko ned på utstillingslokala i sokkelen for å spare kostnader.

Elveeigarlaget i Surna var glad for at omløpssystemet i Trollheim Kraftverk endeleg var satti drift. Det sikrar vassforsyninga i Surna nedstrøms kraftverket om det stoppar opp utan forvarsel.

Marvin Røen (over til høgre) og Fleirtalet i Tørsetmarka veglag fekk fullt gjennomslag i Nordmøre tingrett i vegstriden i marka. – No håpar vi inderleg det er slutt på striden. At det blir slutt på å ødsle pengar til advokatar og at vi i staden kjøper grus for pengane. Vi er glade, sa Marvin Røen, som saman med Tove Holsæter Bolme og Kari Kattem utgjer fleirtalet. Og i desember vart det klart: Ingen anke - med det vart dommen rettskraftig og kommunen oppheva oppfølginga av det påståtte ulovlege, vurderte byggesøknadane til dei som ikkje hadde fått vegrett ein gong til ga vegrett.

15 arkitektstudentar frå NTNU i Trondheim bygde fugletittartårnet ved Igltjønna. Det vart 12 meter langt og 5 meter bredt og ruva i terrenget. Bilde øvst - og frå tårnet kunne ordførar Ola T. Heggem sjå heilt heim til Nygarden (til høgre)!

Den etter kvart så tradisjonelle julemessa i Rindal vart arrangert første helga i månaden. Svært mange sette av tid til å legge turen innom Rindalshuset. Innpå 60 utstillarar hadde fått plass – fullt i hallen, på galleriet og i foajeen (under til venstre - Tordisnisser). Fem driftige damer står bak: Marianne Løset, Wencke Bergmann, Lise Dagrun Løset, Marit Berset Løset og Arna Jakobsen. Ella Rønning (91) var blant debutantane. – Det er aldri for seint å gjera det ein har lyst til, smilte ho.

Hyttedraumen til nordmennene lever, men dei færrase har ei pengbok som kan forsvare ei luksushytte. No kom ein heilt ny måte å tenkje hytte på. Saman med Rindalshytter har industridesigner Ole Petter Wullum designet Småhus (til høgre) – ei hytte i tre ulike storleikar – mellom 15 og 24 kvadratmeter. Småhus kombinerer det enkle med det moderne - og som du kan bygge ut etter kvart med å sette fleire Småhus saman, nesten etter pengboka.

- Meget gledeleg, sa ordførar Ola T. Heggem da han kommenterte at folketalet i Rindal auka med 22 personar frå årsskiftet og til utgangen av september i fjor, ifølgje tal frå SSB. Dermed var folketalet per 1. oktober 2083. Ordføraren var særleg godt fornøgd med de positive tala for tilflytting; 27 fleire flytta inn enn ut i perioden. Eit negativt fødselsoverskudd trakk dette talet noko ned. Ved årsskiftet var folketalet 2079.

Ola T. Heggem vart valgt som ny leiar i Samarbeidskomiteen for Orkdalsregionen for to år etter Ivar Syrstad, tidlegare ordførar i Meldal.

20 av 200 band vart plukka ut til å spele under musikkfestivalen Trondheim Calling. Swiks var eit av desse. Det er ikkje kvar dag ein ramlar over band frå distriktet som har eit låtmateriale og eit sound som tåler internasjonal samanlikning, heitte det frå juryen. – Kjempegøttj, sa Jo Sverre Sande. – Vi har arbeidd hardt i studio og bruka mykje tid, og da er det artig at folk i bransjen verdset musikken, la han til.

Formannskapet la eit budsjett i balanse ut til høyring. – Stramt, men til å leve med, sa ordførar Ola T. Heggem og var glad for å kunne legge fram eit langtidsbudsjett i balanse. Han understreka det gode og grundige arbeidet det forrige formannskapet gjorde. Noko betre frå statsbudsjettet og senka ambisjonar med Rindal Vest er nokre årsaker. – Likevel ligg det inne 7 millionar kroner til boligar for personar med ulike behov. Vi har framleis ambisjonar for boligmarkedet, men det må løysast i samarbeid med næringslivet, utan at kommunen går inn med så store andelar av finansieringa, sa han.

Rindal kommune tek ikkje stilling til nye planer for IKT Orkidé. Det ligg i korta at Rindal vil velge å samarbeide med Orkdalsregionen på IKT i framtida. Det kom fram da kommunestyret behandla IKT-plan i november.

Rindal sanitetsforening har delt ut til saman 90 000 kroner til verdige søkjarar i 2011. Forebyggande helsearbeid og barn og unge er prioriterte område for sanitetsforeninga. Ein mandag i midten av månaden til sanitetsforeninga turen rundt om i bygda for å sjå kva pengane var bruka til. Til høgre ser du frå Øvre Rindal skoløe, der eit nytt bruksservice vart kjøpt inn. Nederst ser du frå Bolme barnehage, der ein stor tjukkas var på plass.

23. november var det ekstraordinære årsmøter i IL Rindøl og IK Rindals-Troll om dei skulle gå saman til eitt idrettslag. Rindøl sa ja med 41 mot 1 stemme. I IK Rindals-Troll vart det nei, da det ikkje vart to tredjedels fleirtal – 34 medlemmer stemte for – 20 i mot. Leiar i Lars Mikkelsen IK Rindals-Troll var svært skuffa. Namnet og huset Skogsletta velta planene om samanslåing og ordførar Ola T. Heggem oppfordra til snarast å starte på att prosessen med å få til ei samanslåing.

IL Rindøl var skuffa over at samanslåinga mellom IL Rindøl og IK Rindals-Troll vart nedstemt av medlemmene i Rindals-Troll. Men dei heldt muligheten åpen. Og medlemmer i Rindals-Troll gjekk saman om ein underskriftskampanje for å få opp att saka om samanslåing på det ordinære årsmøtet på nyåret. Det var duka for omkamp.