IMG_0706_1024x683

Nyhetskavalkade Rindal 2010 - september

Årets nyhetskavalkade på Trollheimsporten for Rindal er henta frå "Rindal ord i bilde", som er å finne i årsskriftet for Rindal Heimbygdlag. For Surnadal vil ein eigen nyhetskavalkade kome kvar dag. Begge kavalkadane kjører bilder og nyheter og skal du få med deg alt kjem nyhetene for ein månad kvar dag fram til 2. januar 2011. I dag er det september og Hedvig Bakken åpna Bakken Helse i lokalene til Ullkorga.

Du kan lese alle sakene på Kavalkade under På Porten når du er på Hovedsida. Ellers finn du stoffet hos Rindal Heimbygdlag som har informasjonsside på Trollheimsporten - kavalkadene ligge nyhetssida deira. Du finner alle månedene i kavalkadeform her på Kavalkade under På Porten, når du er på Hovedsida.

I dag er vi kommet til:
SEPTEMBER
I starten av september åpna Hedvig Bakken sitt treningssenter – Bakken Helse AS – i lokalene til Ullkorga (til høyre kommer de siste apparatene på plass før åpninga). Med investeringar i over ein million kroner i treningsutstyr og fire tilsette fordelt på rundt to og eit halvt årsverk er dette ei satsing i å hjelpe folk til betre helse. I tillegg driv Hedvig klinikk og yogakurs i Skaun med god respons.

Inga Dalsegg fekk det travelt etter at ho måla Marianne Aulie med bar rumpe og klovnenase. TV, radio og aviser sto i kø for å få Dalsegg og Aulie saman til debatt. Inga stilte velvillig opp, men Marianne Aulie vart ikkje med på noko og målarduellen under oslo;art vart avlyst. Samtidig fekk Inga kontrakt med Oslo-galleriet Galleri Impasto, som fast kunstnar ved galleriet.

Lars og Harald Helgetun – grunneigarar i Helgetunmarka – investerer i underkant av ein million kroner i eit økologisk kloakkrenseanlegg (til venstre). – Med dette kan folk drikke sin eigen skit, sa Jens Einar Indergård hos EBT Service AS. Han er rørleggarmester og den som har rådført grunneigarane i kjøpsprosessen. Gjennom Trollheimshytter DA er Lars og Harald Helgetun i gang med ei styr utbygging ved Skavlia i Helgetunmarka. 35 hyttetomter skal klargjerast med full infrastruktur. Så langt er fem av femten tomter selt i det som skal bli Langtjønnåsen hyttegrend.
Og dei 12 grunneigarane i Helgetunmarka arbeider svært godt saman for å gjera Helgetunmarka til eit attraktivt hytteområde gjennom grunneigarlaget, der det blir samarbeidd om maskinkjøring, vedlikehald og hytteservice. I dag er det rundt 200 hytter i Helgetunmarka. Samtidig er samarbeidet også av økonomisk art. Grunneigarane som velger å ikkje selge areal til hytteutbygging, får også ein andel av salgssummen til alle tomter som blir selt i området. – Da blir samarbeidet smidigare, og det har vi lykkast med, sa ein fornøgd Lars Helgetun.

Janne Bøklepp skal i tre år framover arbeide for å vidareutvikle næringslivet i or rundt Trollheimen. Bøklepp vart tilsett som prosjektleiar for delprosjektet Trollheimen innan Blilyst-satsinga Næring i verneområde. Ho fekk kontorstad Rindal sentrum og såg på det heile som eit todelt prosjekt: - Det ska bidra til utvikling i bedrifter i Trollheimen, samtidig som vi skal drive informasjonsarbeid om området med mål om å gjere det meir attraktivt og tilgjengeleg for folk, sa ho.

Kjøring med firhjuling i Duvåsen gav stygge sår i marka, men kven som har vore ute og kjørt vart ikkje klarlag. Miljøvernavdelinga hos fylkesmannen frykta varige skader i naturen i området.

Norsk Kvalitetsmat (til høytre daglig leder Ivar Næss framfor lokalene) har suksess med ekte feskkak. Dei brukar mykje fisk i råvarene, bygger på gamle lokale oppskrifter og lagar maten nærast for hand, sjøl om maskiner sørger for rett fordeling av antall gram fiskefarse i fiskekakene som blir steikte. Både produkta og folka attom Norsk Kvalitetsmat får skryt frå dei største 

daglegvarekjedene.

Det er tre år sidan John Ole Aspli og arbeidarpartiet i Rindal braut ein over 30 år lang politisk tradisjon med Sp-ordførar i bygda. No håpar Aspli å få velgaranes tillit til nok ein periode. – Vi gjekk til valg på at kanskje er 34 år med Sp-ordførar nok, seier Aspli, som trivst godt i ordførarstolen.

Tekela Abraha Kesete (til venstre) vant Lina Roindt på 34,14 – den femte raskaste tida gjennom tidene. Lina Roindt gjekk for 27. gong og Mariann Lande frå Byåsen vann kvinneklassen. Elles var det rekorddeltaking i år med 325 totalt til start og ein av suksessfaktorane er den årlege skulecupen. I år vann tiande klasse.

T-komponent AS har auka omsettina si med 40 prosent i forhold til i fjor. – Det er mesta så vi ikkje trur det. Vi er kjøle godt fornøgd, sa dagleg leiar Elmer Talgø. Kreativitet og omstillingsevne er grunnen bak veksten. – Ein skal ha litt flaks, men mest av alt trur eg no vi får løn som fortjent. Vi har satsa på vidareutvikling av produkt. Det har vi fått igjen for, sa han.

Eli Landsem imponerte alle, både spelarar, trenarar og leiarar, da ho kom til Surnadal og snakka om kva som skal til for å bli best. For landslagstrenar Eli handlar det om å bli best i verda.