Surnadal kommune melder:

Kommunal kompensasjons­ordning til lokale verksemder, lag og foreningar.

Surnadal kommune har mottatt kr. 681.000,- frå Kommunal- og Regionaldepartementet (KRD) til ei kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder, lag og foreningar.

Desse midlane skal fordelast som ei støtteordning til verksemder lag og foreninger som er råka av smitteverntiltak grunna korona.

Søknadsfristen for å søke på midlane er 17.10.2021.

Verksemder lag og foreninger som er råka av smitteverntiltaka og ikkje har mottatt noko form for slik støtte tidlegare vil bli prioritert denne omgangen.

Kriteria og rettleiing for å søke:

Kommunal kompensasjonsordning til verksemder, lag og foreningar i Surnadal

Dette er ei kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder, lag og foreningar som har vore særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Om ordninga

Kommunal- og Moderniseringsdepartementet har sett av midlar til kommunar for å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Surnadal kommune har i denne 3. tildelingsrunden i 2021 fått tildelt 681 000 kroner.

Er di verksemd, lag eller forening hardt råka av pålagte smitteverntiltak grunna korona?

I så fall kan verksemda (må ha organisasjonsnummer) søke om koronastønad. Søknadsfrist: 17. oktober 2021

Formål

Hensikten er å sette kommunen i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale

verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Ordninga skal også fungere som ei kommunal ventilordning, for å kompensere lokale

verksemder som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.

Kriterium

Søknad/tildeling vil bli vurdert utifrå følgande punkt:

  • Verksemda er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Det blir lagt spesiell vekt på negative verknader av skjerpa smittevernreglar etter nyttår (1.1.2021) som har påført ekstra kostnader eller tap av inntekter som følgje av smitteverntiltak og evt nedstenging. Også langtidseffektar etter innførte smitteverntiltak i 2020 kan bli vurdert. Du må kunne dokumentere eller vise til omsetjingsfall/tap av inntekter.
  • Verksemda bør vise til at verksemda fell heilt eller delvis utanfor dei sentrale/generelle støtteordningane for korona-kompensasjon.
  • Verksemder innan arrangement og service er spesielt aktuelle i tråd med sentrale føringar, men også andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar.
  • Verksemder, lag og foreninger som er råka og ikkje har mottatt noko form for covid19-støtte tidlegare vil bli prioritert.

Søknad

Det er ikkje eige søknadsskjema til ordninga. Skriv ein kortfatta søknad/brev som inneheld:

  • Kontaktinformasjon til verksemda inkl. org.nr. og bankkontonummer
  • Kva søknaden gjeld og søknadsbeløp
  • Bakgrunnen for at verksemda søkjer
  • Søknaden må innehalde ein dokumentasjon eller beskrivelse på inntektssvikt/omsetjingstap så langt dette let seg gjere, og ev. estimerte kostnader over omstillingstiltak.
  • Verksemda må oppgje anna offentleg stønad i samband med covid19-støltteordningar mottatt i 2020 og 2021.

Søknad må innehalde all vesentleg informasjon, men likevel vere så kort og konkret som mogleg. Vi vil særleg oppfordre kreative næringar, lag og foreningar som har tapt inntekter grunna covid19 til å søke.

Søknad skal sendast (helst som epost) til Surnadal kommune på [email protected] merka «Søknad kommunal kompensasjonsordning»

Samla ramme vil bli fordelt på søkarane utifrå informasjon og dokumentasjon saman med skjønsmessige vurderingar. Søknadsfrist er 17. oktober.

Spørsmål om ordninga kan rettas til:

Karin Halle [email protected] tlf. 416 19 200
Harald Bredesen [email protected] tlf. 913 78 178