Raulånna får støtte til restaurering
Kultur- og folkehelseutvalet har fordelt 9,48 mill. kroner i statlege tilskot til freda kulturminne i privat eige i Møre og Romsdal for 2026. Midlane kjem frå Riksantikvaren og skal bidra til at freda bygg og anlegg blir ta vare på etter antikvariske prinsipp, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding tysdag.
Det kom inn 31 søknadar innan fristen, med ein samla godkjent søknadssum på 22,99 mill. kroner. Det er ein kraftig auke både i tal på søknadar og i omsøkt beløp samanlikna med tidlegare år. Søknadssummen er høgare enn midlane fylkeskommunedirektøren har til fordeling, og det har vore nødvendig å prioritere strengt.
Fylkeskommunenes prioriteringar
Fylkeskommunedirektøren har lagt særleg vekt på prosjekt som er i gang, nye søkarar, kulturminne som står i fare for å gå tapt, og eigarar med tunge vedlikehaldsoppgåver. Private eigarar er prioriterte i tråd med forskrifta og føringane frå Riksantikvaren.
Fylkeskommunedirektøren si innstilling vart einstemmig vedtatt av utvalet.
Midlane er statlege tilskot som fylkeskommunen har søkt om, og tiltaket har ingen direkte økonomiske konsekvensar for fylkeskommunen utover meir saksbehandling og oppfølging av prosjekta.
Raulånna får 1 650 000
Raulånna på Surnadalsøra får 1 650 000 til restaurering, for å tilbakeføre teglpipe og kledning. Samt for å istandsette dør, portal og vindauge, står det i vedtaket til Møre og Romsdal fylkeskommune