Møre og Romsdal fylkeskommune melder:

Tre arbeidere på en bru over vann under klar himmel.
Nye Bele bru blei opna 19. juni.

Opna ny Bele bru på fylkesveg 65 i Surnadal

Fredag 19. juni opna Møre og Romsdal fylkeskommune den nye Bele bru på fv. 65 i Surnadal.

Den nye betongbrua erstattar det gamle stålrøyret over Beleelva. Brua gir ein meir robust vegkonstruksjon, betre trafikktryggleik og legg betre til rette for fiskevandring i elva. Dette skriv Møre og Romsdal fylkeskommune på sine nettsider.

Tryggare bru og betre forhold i elva

Arbeidet med ny bru starta i august 2025. I anleggsperioden har trafikken gått på ein mellombels veg over elva, med eitt køyrefelt og lysregulering.

Den nye brua er bygd i betong og erstattar ei eldre løysing med stålrøyr. Etter krav frå Statsforvaltaren er brua også godt tilrettelagt for fiskevandring under brua.

– Dette er eit viktig tiltak både for trafikantane og for elvemiljøet. Vi har fått på plass ei ny og tryggare bru, samtidig som løysinga gir betre forhold for fiskevandring i Beleelva, seier byggeleiar Jostein Wengstad i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Omfattande arbeid i våt leire

Grunnforholda i området har gjort arbeidet ekstra omfattande. Det var våt leire i anleggsområdet, og grunnboringar i viste betydeleg innhald av kvikkleire. Derfor vart
det laga ein eigen geoteknisk instruks for prosjektet.

– Vi har måttet flyttet på store mengder masse i løpet av prosjektet. Den geotekniske instruksen har vore viktig for korleis vi gjennomført arbeidet.

Det har også vore utfordringar med lekkasjevatn frå elva ned i byggegropa. Dette, kombinert med langvarig kulde, førte til ekstra arbeid og forseinka framdrift.

Restarbeid etter opninga

Sjølv om brua opnar for trafikk i juni, held prosjektet fram noko lenger. Sluttfristen for prosjektet er i løpet av august.

Etter opninga skal den mellombelse vegen og røyrbrua fjernast, og dyrka mark skal tilbakeførast.

Powered by Labrador CMS