Annonse
Møre og Romsdal fylkeskommune:
Ber frivilligheita om hjelp til å heise flagg på dei vidaregåande skolane
Fylkespolitikar Monica Molvær utfordrar frivilligheita i fylket til å heise flagg ved dei vidaregåande skolane når driftspersonalet ved skolane har fri.
Og ho vil sjølv vere med på å ta ansvar:
– Eg blir gjerne med på å heise nokre flagg. Nærmaste skole er latinskolen her i Ålesund. Det er også skolen eg har gått på sjølv, seier Molvær.
Det var Molvær som i saka «Innsparingskrav 2024» i fylkestinget i april foreslo å gå i dialog med lokal frivilligheit på- eller ved dei 21 vidaregåande skolane i fylket. Dette for å finne ei løysing som sikrar at det blir heist flagg på ulike høgtidsdagar gjennom året. Til saman er det 15 offisielle flaggdagar kvart år.
Vedtaket i fylkestinget gjer at fylkeskommunen sparer 500.000 kroner årleg.
Les heile saka på Møre og Romsdal fylkeskommune sine nettsider.