Belebrua

Bele bru oppgraderast og tilretteleggast for fiskevandring

No er det klart for ei utbetring langs fylkesveg 65 i Surnadal kommune. Stålrøyret som går over Beleelva skal erstattast av ei ny bru i betong. Denne blir tryggare å ferdast over, samstundes som konstruksjonen er tilrettelagt for god fiskevandring i elva, skriver Møre og Romsdal fylkeskommune i en pressemelding onsdag.

Publisert Sist oppdatert

Arbeidet har oppstart i august 2025, og vil vare i om lag eitt år fram til juli 2026. I arbeidsperioden blir det etablert ein mellombels veg over elva. Denne har eitt køyrefelt, og det blir lysregulering på staden. Elva leggast i røyr med ei fylling over.

Omfattande arbeid

Det er krevjande grunntilhøve på staden, noko som gjer at arbeidet blir nokså omfattande.

Dette fortel Jostein Wengstad, byggeleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune. Graveskråningar rundt den nye brua må være slake. Difor må den mellombelse velgen leggast med god avstand til bruområdet.

- Det er viktig at trafikantane held farta nede og tek omsyn til dei som arbeider på anlegget, seier Wengstad.

Mellombels veg

Sikrare bru og veg

Årsak til utbetringa er at det er liten overdekning på dagens kulvert, og røyret har erosjonsskadar. Bele bru blir oppgradert og tilpassa moderne standardar for køyretøy og trafikkmengd. Det blir montert brurekkverk og vegrekkverk etter dagans krav til trafikktryggleik.

Belebrua etter oppgraderinga
Powered by Labrador CMS