Møre og Romsdal fylkeskommune melder:

Nye Folla bru er ferdig. Måndag er det offisiell opning.

Flaskehalsen er borte - måndag opnar Folla bru

Folla bru var ein flaskehals for tømmetransporten. No står ei ny bru klar, og den toler totalvekt på 60 tonn.

Måndag er det offisiell opning av nye Folla bru på fv. 65, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune på sine nettsider.

Møre og Romsdal fylkeskommune er vegeigar og fekk 20 millionar kroner i støtte for å gjere utbetringar. Pengane kom frå ei statleg tilskotsordning som gjekk til å finansiere utbetring av fylkesvegar for tømmertransport som ikkje tolte 60 tonn totalvekt.

Toler 60 tonn totalvekt

– Folla bru toler no modulvogntog og tømmertransport med totalvekt på 60 tonn, seier byggeleiar Morten Ugelstad i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Han fortel vidare at nye og gamle Folla bru er ei samvirkebru:

– Utfordringa med den gamle var at bindinga mellom stålbjelkar og betong ikkje hadde tilstrekkeleg kapasitet, som igjen førte til at Folla bru hadde nedsett bereevne.

Folla bru ligg i Surnadal kommune, vel ein kilometer sør for grensa til Trøndelag.

Eitt år arbeid

Arbeidet med Folla bru tok til i september i 2021 og entreprisen har kosta i underkant av 29 millionar kroner inkl. mva. Hovedentreprenør har vore B&B Entreprenør AS. Underentreprenørar har vore A. Kvam AS, Proff EL&IT, Mesta AS og Nidaros oppmåling.

– Alle entreprenørane er lokale, og vi er veldig fornøgd med arbeidet som er utført, seier byggeleiar Morten Ugelstad i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Etter opninga måndag vil det stå igjen noko arbeid med blant anna fjerning av interimsveg og oppretting av sideterreng. Arbeidet er berekna å vere ferdig i løpet av veke 44.

Powered by Labrador CMS