
Slik blir kollektivtilbodet på 17. mai
På laurdag 17. mai vil det vere eit noko anna kollektivtilbod. Bruk reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen for å finne oppdatert ruteinformasjon.
Bussane
- I Ålesund by vil bussane følge eigne rutetider
- I Kristiansund, Averøy, Aure og Smøla vil bussane følge eigne rutetider
- I Molde og Gjemnes vil bussane følge rutetidene som for søndag
- I Rauma, Vestnes og Skåla vil bussane følge rutetidene som for laurdag
- I Hustadvika, Midsund og Aukra vil bussane følge rutetidene som for søndag
- På Sunnmøre (med unntak av i Ålesund by) vil bussane følge rutetidene som for søndag
- FRAM Ekspress-linje 100 Ålesund-Molde-Kristiansund vil følge rutetidene som for søndag
- FRAM Ekspress-linjene 901 Kristiansund-Oppdal (togbussen), 902 Surnadal-Molde (Mørelinjen) og 905 Molde-Kristiansund-Trondheim (Mørelinjen) vil vere innstilte
Ålesund, Kristiansund og Molde sentrum vil vere steng i periodar på grunn av arrangement. Som gjer at bussane vil køyre andre traséar denne dagen enn til vanleg.
På nasjonaldagen er det mange som skal ut i gatene, som kan føre til trafikale problem. Det kan vere ein fordel å bruke kollektivtilbodet og gå/sykle om du kan.
Hurtigbåtane
- 1145 Hareid-Valderøya-Ålesund vil følge rutetidene som for søndag
- 1149 Ålesund-Valderøya-Store Kalvøy-Hamnsund vil følge rutetidene som for søndag
- 1148 Langevåg-Ålesund vil følge rutetidene som for laurdag
Ferjene
Ferjene vil følge rutetidene som for søndag, med unntak av 1051 Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona som vil følge rutetidene som for laurdag.
Bruk reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen for å finne oppdatert ruteinformasjon for bussane, hurtigbåtane og ferjene.