Annonse
Møre og Romsdal Fylkeskommune melder:
Normal skoleskyss torsdag, og opne vidaregåande skolar
Undervisninga ved dei vidaregåande skolane i fylket er planlagd å gå som normalt torsdag. Dette skriv Møre og Romsdal Fylkeskommune i ei pressemelding onsdag ettermiddag
Skolane har vore stengde onsdag med bakgrunn i varselet om ekstremvêr, og elevane har hatt digital skoledag.
Basert på vêrvarselet frå Meteorologisk institutt er det gjort vurderingar som tilseier at det vil gå normal skoleskyss i Møre og Romsdal frå torsdag morgon.
Det vil bli gjort kontinuerlege vurderingar om det blir nødvendig å innstille enkeltstrekningar som følge av vêret.