Møre og Romsdal fylkeskommune
Møt opp første skoledag
Hovudbodskapen er enkel: Møt opp første skoledag. Og ventar du på eit anna tilbod, ta telefonen når den ringer, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune på sine nettsider
Måndag 17. august er det skolestart for over 9.100 elevar i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal.
– Møter du ikkje opp ved skolestart, kan plassen din gå til ein elev som står på venteliste. Dersom du er sjuk eller har ein annan gyldig grunn til å ikkje møte opp, må du gi beskjed til skolen, seier Maria Enstad, einingsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Sjå også fylkeskommunen sine nettsider.
Alle søkarar med ungdomsrett i Møre og Romsdal har no fått tilbod om plass på utdanningsprogram i vidaregåande opplæring, men framleis står mange på venteliste for å få førsteønsket sitt oppfylt. Skolar som har ledige plassar tar no kontakt.
Har du ikkje fått plassen du ønsker, er det framleis håp.
– Ta telefonen når skolen tar kontakt. Får ikkje skolen svar, går dei vidare til neste elev på lista, seier Enstad.
Skolane jobbar no fortløpande med å kontakte elevar på venteliste.