Pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune:

,Folla bru.
,Folla bru.

Startar utbetringane på Folla bru i Surnadal - Det blir lysregulering i heile prosjektperioden

Møre og Romsdal fylkeskommune har inngått kontrakt med B&B entreprenør om utskifting av landkar og bruplate på Folla bru på fv. 65 i Surnadal.

Fylkeskommunen har fått 20 mill. kr i statleg støtte for å gjere utbetringar slik at brua skal tole tømmertransport med totalvekt 60 tonn.

Arbeida startar i løpet av september. Da skal entreprenøren bygge midlertidig veg og bru på oppsida dagens bru. Når den midlertidige vegen er klar til bruk blir bruplata, bjelkane og landkara på dagens bru rive. Pilaren som står i elva blir brukt vidare, men forsterka.

Frå november til mai neste år blir det støypt nye landkar og montert nye bjelkar før nytt brudekke blir støypt på plassen. Når det er gjort skal det leggast membran på brua før det blir lagt asfalt og montert rekkverk.

- Den midlertidige brua toler same vekt og lengder som dagens bru, men er smalare. Det blir lysregulering i heile prosjektperioden fordi trafikken berre kan gå ei retning om gongen. Trafikantane må difor rekne litt ekstra køyretid, seier prosjektleiar Hallvard Rangnes i Møre og Romsdal fylkeskommune.