LESERINNLEGG:

Johannes J. Vaag fra en tidligere anledning.

Vald mot eldre på sjukeheimar

Avisa Aftenposten avslørte i ein serie saker alvorlege avvik ved landet sine sjukeheimar. Sylvi Listhaug var den gongen eldreminister. I 2018 var det 13.000 valdshendingar ved norske sjukeheimar. I 98 prosent av tilfella var det bebuarar som sto bak valden. 18 prosent av tilfella var vald mot bebuarar.

I Aftenposten sin serie gjekk det fram at tilsette jamleg ser vald mot andre eldre, utført av dei eldre sjølve. Dette blir mest aldri meldt til tilsynsstyresmaktene. Dette er ikkje som det skal vere! Langt derifrå! Det er rett og slett uakseptabelt!

For halvt anna år sidan sa Sylvi Listhaug at ho med ein gong ville be Helsedirektoratet kartlegge det det reelle omfanget av vald og overgrep mot eldre ved landet sine institusjonar for eldre. Ein ny rapport frå Helsedirektoratet teiknar eit rystande bilde av sjukeheims-Norge. I omtalen til Aftenposten nyleg (9. juli s.22) går det fram at vald, overgrep og forsømingar er eit omfattande problem i norske sjukeheimar. Slike hendingar blir i følgje rapporten oversett. Dette er på ingen måte bra! Men, det er veldig bra at FrP sitt forslag om nasjonale retningsliner for utgreiing og handtering av eldrevaldssaker, og ei meldeplikt for tilsette i eldreomsorga ved vald og overgrep, blei samrøystes vedtatt av Stortinget.

«Omfanget av vold og overgrep viser at det er et systemproblem på nasjonalt nivå», sa Mina Gerhardsen, generalsekretær i Nasjonalforeningen for folkehelsen (Nff), i eit intervju i Aftenposten av 9. juli 2021. Gerhardsen uttala vidare: «Det er altfor mange ufaglærte i eldreomsorgen og altfor mange som mangler kunnskap om demens.»

Det er viktig at tillitsvalde i dei eldre sine råd og organisasjonar, som til dømes Pensjonistforbundet og Nff, blir tatt med på råd når dei nasjonale retningslinene skal utformast og setjast ut i livet.

Dei eldre, som er bebuarar på sjukeheimar, er ei spesielt sårbar gruppe, som har krav på respekt, god pleie og omsorg og ein verdig alderdom i sine siste leveår.

Johs. J. Vaag

Powered by Labrador CMS