LESERINNLEGG:
Favorisert?
Alle veit at kulturarrangement må gjerast synlege viss folk skal vite om dei og ha glede av dei!
Med all grunn takkar eg difor lokale media som Driva, Trollheimsporten, Bøfjordnett og delvis Tidens Krav for positivt stoffsamarbeid. Når for eksempel vi i Bøfjorden Historielag har sendt informasjon og referat om våre tiltak, har vi jamnt fått fin presentasjon.
Men surmaga merknader frå dykk som ikkje kan fordra at «Driva favoriserer museet i Bøfjorden», er bomskot som krev korrigering.
Faktum er at det går fleire år mellom kvar gong Driva og desse andre besøkjer f.eks. museet i Bøfjorden eller lagar sitt eige stoff om oss. Det er tvert imot historielaget sjøl som produserer tekst og foto før og etter tiltaka!
Og det er vi ikkje flaue over, slik mediesituasjonen er. Vi forstår at journalistar ikkje rekk å vera alle stader til kvar tid. Da må det vera ein vinn-vinn-situasjon at stoffet kjem lell.
At vi kunne ha ønska meir redaksjonell tenning på tiltak som vitterleg engasjerer mange, er ei anna sak. Som at lille Bøfjorden (300 innbyggjarar) kan dokumentere godt over 50 i snittbesøk på sjøbruksmuseet sine temasøndagar gjennom 27 år. Kva museum i bygd eller by ville ikkje hatt fast oppmøte av nesten 20% av folketalet?
Likevel: Vi respekterer at ansvarleg redaksjon vurderer slike tiltak opp mot andre stoffområde. Og vi har stort sett kjensla av at våre før- og ettersendingar til media blir verdsette.
Det ligg mykje ekstra arbeid bak det vi såleis leverer gratis. Difor håpar vi at dette innlegget knusar myten om urettferdig favorisering.
Bernt G. Bøe,
leiar i Bøfjorden Historielag