LESERINNLEGG:

Øystein Folden. naturvernforbundet

Vinden på havet

Publisert

Det må bli fortgang står det i leiarartikkelen i Tidens Krav. Det gjeld utbygging av vindkraft til havs. Litt fortgang kan vere bra, men då er det viktig at det er dei rette tinga det blir fortgang i. Det som hastar aller mest er å finne ut kva fiskane og andre skapningar i og på havet kjem til å gjere viss det kjem store vindkraftanlegg. Å tru at vindturbinar på djupt vatn ikkje påverkar nokon ting, berre lagar straum, det bør ingen gjere.

Viss vi bygger vindkraft på havet og i neste omgang finn ut at fisken blir borte, då blir vi svoltne. Det er verre enn å ha litt mindre straum enn det vi ønskjer oss.

«Flytende havvind er effektiv energi og skånsom for naturen», blir det hevda i same leiarartikkel. Det kan vere ein kan håpe på noko slikt. Men at ein kan slå fast at havvind er skånsam mot naturen, det har ikkje Naturvernforbundet sett noko prov på til no. Viss nokon vil hevde dette, så bør det leggast forskingsrapportar på bordet.

Det er ikkje mykje hjelp i vindkraft til havs om ein ikkje får straumen til stadene ein har bruk for straumen. Kven skal ha straumen og kvar skal kablane gå? Viss straumen skal til Europa, så er rimelegaste løysinga å ankre opp vindkraftanlegga nær Europa. Dei som driv forretning på dette området vil vel neppe frakte straum til land i Noreg for så å frakte straumen vidare til Europa gjennom dyre kablar.

Men først, grundige undersøkingar så ein veit kva ein gjer med naturen. Det er den vi lever av. I mellomtida får vi spare som best vi kan på den straumen vi har.

Powered by Labrador CMS