Statsforvalteren i Møre og Romsdal:
Store tap av lam i fjor
Møre og Romsdal hadde i 2024 dei høgaste tala på tap av lam i landet. Nesten 10 prosent av lamma som vart sleppt på beite i utmark kom ikkje heim att.
Mattilsynet meiner at tap av beitedyr i utmark ei av dei største utfordringane for dyrevelferda i Noreg. Beitebrukarar mistar inntekt frå produksjonen sin, og samfunnet mistar lammekjøt. Rundt 70 prosent av sau og lam som fekk produksjonstilskot for beite i utmark i Møre og Romsdal i 2024 var med i organiserte beitelag. Beitelaga sleppte i underkant av 80 000 sauer og lam på utmarksbeite. Av 45 842 sleppte lam, vart 4 554 lam meldt tapt i utmark. Tapsprosenten på 9,93 er den høgaste i landet.
Årsaker til tap
Årsakene til tap kan vere mange: rovdyr, sjukdom og ulukker. Tapsårsakene varierer mellom buskapar, område og år, og dei kan vere samansette. Dei største tapa av lam skjer i beiteområda som er forvaltningsområde for jerv og gaupe.
Lam i forvaltningsområda for jerv og gaupe hardast råka
Beiteområda innafor forvaltningsområdet for jerv er aller hardast råka av tap. Aller mest i Ulvådalen sausankarlag og Verma beitelag i Rauma kommune, og i Norddal/Eidsdal beitelag og Valldal og Fjørå beitelag i Fjord kommune. Om lag 1 000 lam er borte i desse områda. Tapsprosentane for beitelaga er på 25-37 prosent i snitt. Også i områda til Sunndal beitelag er det svært høge tap av lam. I gaupeområdet utmerker Ytre Tingvoll beitelag seg med 26 prosent tap i snitt.
Forebyggande tiltak mot rovdyrskadar
35 prosent av alle beitebrukarar som rapporterer å ha sleppt sau/lam på utmarksbeite i Møre og Romsdal, hadde over 10 prosent lammetap. Mykje tilskot går til førebyggande tiltak mot tap. I 2024 vart det i fylket brukt om lag 3,7 millionar kroner på førebyggande tiltak mot rovdyrskadar og konfliktdempande tiltak, samt om lag 1,5 millionar kroner på tiltak i beiteområda. Tiltaka er utvida tilsyn, å gjete dyra, å gjete med vaktarhund, kadaversøk med hund, innkjøp av elektronisk overvakingsutstyr, tidleg sanking av dyr frå fjellet, skadefellingsforsøk, og nokre kunnskapsprosjekt.
Må finne betre løysingar
Trass i stor innsats med førebyggande tiltak, ser det ut til at tapa framleis aukar. Det er naudsynt med betre løysingar i åra framover for å få ned lammetapa og styrke beredskap og matforsyning.
Flere saker om landbruk:
-
Klart for høstdager hos RBL
RBL inviterer til høstdager med representanter fra sine leverandører, kampanjepriser, servering og trekning av en Husqvarna motorsag.
-
Rasar mot kutt i rovviltforvaltninga, igjen
– Regjeringa prøver nok ein gong å kutte fleire millionar i rovviltforvaltninga. Bøndene gjennomfører en rekke tiltak, men tapa er framleis høge. Samtidig sitt regjeringa og held seg for auge og øyre og kuttar i blinde, seier rovviltansvarleg i Møre og Romsdal Bondelag, Kristin Gilje Sandnes.
-
Innsamling av landbruksplast
Det er fastsatt nye datoer for innsamling av landbruksplast.
-
Ti timer i bil for å lære bort kunsten å gjete sau
Åtte deltakere, en observatør og en instruktør som hadde kjørt i ti timer for å komme til Surnadal. Det ble ei lærerik og sosial helg for MidtNorge Gjeterhundlag.
-
Inviterer til Landbrukskonferansen 2026
Torsdag 19. november inviterer SpareBank 1 Nordmøre i samarbeid med Surnadal kommune, Surnadal Bondelag og Todalen Bondelag til Landbrukskonferansen 2026 i Storstuå på Surnadal kulturhus.