Ved inngangen til nyfjøset til Lauvli gard

Fjøsdag med åpent fjøs

Yngve frå Kvanne i Surnadal og Maren frå Hoston i Orkland driv garden Lauvli under Brønstad i Rindal

Publisert Sist oppdatert

Torsdag arrangerte Tine og Nortura fjøsdag på Lauvli gard i Rindal hos Maren Hoston og Yngve Røeggen.

For fire år sidan var Trollheimsporten på besøk på Lauvli gard. Da var dei nye, unge gardbrukarane igang med å bygge det første nye fjøset. Det var tiltenkt sauer og ungdyr. No er det andre fjøset, eit litt større eitt, ferdig, og mjølkekyrne er på plass.

Nortura serverte grillmat, og det var delt ut Tine-produkter og servert kaffe med brød frå bakeriet Hæmstelt som held til på ein av nabogardane.

Det var svært godt frammøte av interesserte bønder frå heile bygda, og samtalane gjekk flytande i små grupper rundt i fjøsa og på gardsplassen mellom fjøsa.

Nyfjøset i Lauvlia er bygd for det aller meste av lokale tenesteytarar.
Her er det plass til 70 mjølkekyr.
Ungdyra hadde god plass i 2016-fjøset i lag med sauene.
I sauefjøset er det 160 vinterfora sau. Her blir det liv til vårs!
Landbrukssjefen i Rindal, Bjarne Lund, var også tilstades og overrakte vertskapet ein fin gave frå Rindal kommune.
Bente Rikstad tek imot koronatakk frå Yngve for plakaten som Maren og han mottok frå det lokale produsentlaget til Tine.
Dei unge bøndene med plakaten og keramikkfatet frå kommunen.
Ivar Myklegard gav ei klokke frå produsentlaget, sikkert for at dei skal fortsette å følgje med tida.

Det var Tine, som i lag med Nortura, stod bak dette arrangementet.

Oldefar til Yngve Røøyen, Ola Brønstad, bygde første huset i Lauvlia i 1922 etter at han hadde kjøpt jord frå Brønstad og begynt som nydyrkar. Han fekk diplom frå "Ny Jord" etter å ha dyrka 90 mål, dei 30 siste ved hjelp av bulldozar. (Kjelde: Gards- og ættesoge for Rindal).

No driv Yngve 1000 dekar jord, har 160 vinterfora sau og ca 200 storfe, og nokre geiter attpåatt.

Sau- og ungdyrfjøset vi omtala først er 50 m langt, og nyfjøset er 70 m med plass til 70 mjølkekyr. Mjølkekvoten er på 600 tonn. I tillegg har gamlefjøset frå 1949 plass til kalvar og ungdyr.

Les kva Trollheimsporten skreiv om nyfjøset i 2016!

Lauvli gard, sett frå andre sida av elva.
Powered by Labrador CMS