Annett Ranes, fungerande ordførar i Surnadal, og kyrkjeverge Tor Rune Halset inviterer til 15-årsmarkering for terrorangrepet mot regjeringskvartalet og Utøya 22. juli 2011.

Minnemarkering 22. juli i Surnadal: Åpen kirke, musikk og ettertanke

Surnadal kommune og kyrkja inviterer til lokal minnemarkering 22. juli med stille åpen kirke, musikk, salmesang og rom for ettertanke.

Publisert

Terrorangrepet var eit angrep på demokratiet, ytringsfridomen og dei verdiane samfunnet vårt bygger på. I ei tid med aukande uro i verda er det viktig å minnast det som skjedde – ikkje berre for å heidre dei som mista livet, men også for å stå saman om demokrati, openheit og fellesskap, skriv Surnadal kommune.

Annett Ranes, fungerande ordførar i Surnadal, fortel at i forbindelse med 15-årsmarkeringa har Statsforvaltaren oppmoda kommunane om å arrangere lokale minnemarkeringar. Surnadal kommune inviterer derfor, i samarbeid med kyrkja i Surnadal, til ei open markering tysdag 22. juli.

Det vil også være ei nasjonal markering som sendes direkte både fra regjeringskvartalet, fra Oslo Domkirke og fra Utøya, fortel Ranes vidare.

Rom for ettertanke

Annett Ranes fortel vidare at ho tok kontakt med Tor Rune Halset, kyrkjeverge i Surnadal,  for å høre kva dei kunne få til saman for å knytte kyrkja inn i markeringen.

– Det er et fint rom for ettertanke for å ta inn over seg hva som skjedde den dagen, seier Ranes.

Ungdommen bidrar musikalsk

Tor Rune Halset fortel at dei raskt fant ut at dette måtte dei være med på. Kyrkja har ansatt ungdommer i sommerjobb, blant annet Johanne Holten som organist, og vil lage ein liten konsert for anledninga. 

– Eg har plukka ut tre salmer, utover det får dei frie tøyler, fortel Halset.

Johanne Holten, som skal ha regien, har fått med seg fire andre ungdommer til minikonserten. Foruten henne selv blir Ellen Svendsen Fiske, Sigve Holten, Daniel Løset og Ida Mo med på arrangementet. I tillegg vil Lene Wilhelmsen bidra med høgtlesing under markeringa.

Åpen, stille kyrkje

Markeringen starter med åpen, stille kyrkje fra klokka 1330 før den felles minnemarkeringa, med blant anna musikk og salmesong, starter klokka 1500.

– Det at ein åpner kyrkja ein og ein halv time før arrangementet, kor du kan komme og tenne eit lys og faktisk bruke dagen til ettertanke er noe av poenget, seier Annett Ranes

Tilpassa dei nasjonale markeringane

Arrangementet er lagt opp slik at man kan få med seg dei direktesendte nasjonale markeringane. Markeringen i regjeringskvartalet starter klokka 09.00, i Oslo Domkirke klokka 11.00, mens markeringå på Utøya starter klokka 16.00.

Minnemarkeingen i Surnadal blir kanskje kalla "En himmel full av stjerner", legger Tor Rune Halset til. Akkurat som Øye kyrkje har himmelen full av stjerner i sakristiet.

Det er viktig å hegne om ytringsfriheten og demokratiet

Ranes understreker videre at ein ting er hendelsen og dei som mista livet, eller mistet sine i regjeringskvartalet og på Utøya. Når ein ser korleis verda har blitt dei sista åra er det viktig å hegne om ytringsfriheten og demokratiet vårt, og ikkje bli knebla av slike hendelser. 

– Vi må hegne om at vi har lov til å være uenige og snakke om det. Og ikkje ty til ekstreme virkemidler som han gjorde. Det må vi aldri slutte å snakke om, seier Ranes.

Man kan være politisk uenig og diskutere saker, men dette er noe helt annet. 

– Vi har godt av å kjenne litt på det, den dagen, avslutter Annett Ranes.


Program 22.juli

Kl. 13.30 – Øye kyrkje opnar

  • Stille kyrkje med rom for ettertanke og refleksjon. Anledning til å tenne lys i lysgloben.

Kl. 15.00 – Felles minnemarkering

  • Tale ved fungerande ordførar Annett Ranes

  • Musikkinnslag ved Johanne Holten

  • Felles salmesong

  • Høgtlesing ved Lene Wilhelmsen

Alle er hjarteleg velkomne til å delta.





Nasjonal minnemarkering

Regjeringa, Den nasjonale støttegruppa etter 22. juli, AUF og Den norske kyrkja arrangerer dei offisielle minnemarkeringane i Regjeringskvartalet, Oslo domkyrkje og på Utøya. Markeringane blir sende direkte.

Program og sending finn du på regjeringen.no.

Powered by Labrador CMS