ANNONSE:

Logoen til Tårnagenthelg

Tårnagent-helg i Ranes kyrkje

No nærmar det seg Tårnagent-helg for deg som går i 3. klasse. Ta kontakt med kyrkjekontoret (71657060) om du ikkje har fått invitasjon i posten.

Laurdag 1. juni skal vi vere i Ranes kyrkje frå kl.11.00-15.00. Då blir det mykje program med tårnklatring, besøk av politiet og agentoppdrag etter at politiet har vist oss korleis vi kan vere gode agentar.

Du må hugse agentnummeret ditt for å få koma inn i kyrkja og prøva deg på hinderløypa.

Ingen heltar arbeider utan mat, så vi må ha ein matpause.

Søndag 2. juni er det gudsteneste i Ranes kyrkje. Den skal vi vere med på. Oppmøte kl.10.30 for mellom anna å øve på Tårnagentsangen før gudstenesta tar til kl.11.00.

Mange gode agentar vil nok løysa så mange mysterium at Vidar (prest) må ut med dusøren som er utlova.

Vel møtt til ei spennande helg.

Helsing kyrkja i Surnadal 

Påmelding: post@surnadal.kyrkja.no eller tlf. 71657060

Powered by Labrador CMS