Torbjørn Brøske saman med biskop Ingeborg Midttømme

Lune tonar i Raneskyrkja

Onsdag kveld var det «Hausttonar» i Ranes kyrkje. Det vart ein stemningsfull kveld med mange fine ord og tonar.

Publisert

Torbjørn Brøske leia oss gjennom kvelden. Han viste stor kunnskap om salmane vi song, og om tekstforfattarane bak salmane.

Ingeborg Midttømme sa også nokre ord. Ho fortalde at ho gjennom jobben sin som biskop møter mange menneske, og at det er mange som tykkjer det er skumle tider vi lever i. Både eldre og yngre menneske er redde og usikre på framtida.

– Det å ha tru og håp i ei slik tid er godt for oss, sa Ingeborg.

– Når det er mørkt rundt oss, og inni oss, må vi hugse at det blir vake over oss. Vi er aldri åleine.

Ho fortalde at ho hadde vore på felles middag på kyrkjelydshuset denne dagen, og at ho der møtte ein flyktning frå Ukraina. Ho ville takke folket i Surnadal som tek imot flyktningane og gir dei husrom.

Songkoret Tormod
Carla Van Buggenum-Vermeer
Ronny Kjøsen delte tankar korleis musikk ikkje har landegrenser, og kor inspirert den norske folkemusikken er frå andre delar av verda.

Ronny Kjøsen var i kyrkja både som dirigent for Songkoret Tormod og som soloartist. Han sa at uansett om det er krig eller ikkje, lever musikken.

Dirigent Elin Person fortalde om Hans Hyldbakk, og om dei som har tonesett tekstene hans.
Tordenskjold Songlag
Tre kor var samla da avslutningssongane vart sunge. Songkoret Tormod, Tordenskjold Songlag og Damekoret Credo.

Frå Tordenskjold Songlag og dirigent Elin Person fekk vi høyre musikk med tekster av Hans Hyldbakk. Neste år er det 125 år sidan Hyldbakk vart født, og det blir markert med blant anna eit stort prosjekt-kor som skal ha fleire konsertar.

Det vart ein god kveld, med ord til ettertanke og mykje fin musikk.

Powered by Labrador CMS