LAGET VÅRSØG MELDER:

Ole Magne Ansnes

Ny styreleiar i Laget Vårsøg

På årsmøtet onsdag 24. februar vart Ole Magne Ansnes vald som ny styreleiar i Laget Vårsøg. Ansnes etterfølger Rune Dalager som styreleiar.

Vi i Laget Vårsøg er glade og stolte over at Ole Magne har takka ja til å bli vår nye styreleiar. Ole Magne har ein rik og solid bakgrunn innanfor kulturlivet både i Surnadal og på Sunndalsøra. Han kjenner til kulturlivet og Vårsøgtradisjonen i Surnadal betre enn dei fleste.

Ole Magne vil bidra med mange gode kreative idear og bidra til å vidareutvikle Vårsøghelga på ein særs god måte både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Vi vil også samtidig takke Rune Dalager for ein formidabel innsats, og som ein stor ressurs for Laget Vårsøg. Med full jobb i kulturskulen, i tillegg til å vera småbarnsfar, strakk ikkje tida til for å kunne fortsette som styreleiar denne gongen. Vi ønsker Rune lykke til med ein velfortjent pappaperm når den tid kjem.

– Det er kjekt å bli spurt om å bidra i Vårsøghelga. Eg var ganske aktivt med dei siste åra av 90-talet, og eg var og med i styret den gongen. Eg meiner at Vårsøghelga har eit særpreg – og med det og ein soliditet reint kunstnarisk og historisk – få andre kulturhelger har, seier Ole Magne Ansnes, og held fram:

– Det er mange sterke ressursar, som har vore med på laget opp gjennom årene, og eg ser fram til å jobbe saman med kapasitetar som Anders Larsen, Jon Arne Mogstad og Henning Sommerro. Og ikkje minst; til å bli kjent med det som rører seg i organisasjonen i dag, av planer, folk og ressursar eg ikkje kjenner - og store tankar. Av det siste kan det aldri bli nok.

– Det er og spennande å jobbe med kultur i fleire kommunar, og i alle fall ikkje noko motsetningsforhold. Heller ei moglegheit til nye samarbeid og brubygging mellom to nabokommunar, som begge er sterke på kultur.

– Eg ønskjer å vere med på å vidareføre og sikre det gode arbeidet som vert gjort i Vårsøghelga, og er så ubeskjeden at eg tør seie at eg fort kan ha noko nytt å bidra med - eg har jo etter kvart fått ein del erfaring, som arrangør og kulturarbeidar.

Ansnes fortel:

– Jobben eg har i dag er både krevande, allsidig og spennande, ein jobb som er innom store delar av kulturfeltet. Elles fekk eg mykje god erfaring, som arrangør og tilretteleggjar, dei fire åra eg var festivalsjef for Sunndal kulturfestival, og i same periode også produsent for musikkspelet om Lady Arbuthnott. I tillegg var eg og i mange år – som redaktør i Driva – medspelar til Fosskonserten i Valsøyfjord.

Årets Vårsøghelg går av stabelen frå 27. -30. mai.

Vi håper at vi med god planlegging og god dialog med artistar, frivillige, stab, kommuneoverlege Buan og kommunen skal klare å gjennomføre Vårsøghelga på ein trygg måte for alle involverte og publikum. Vi følger med på FHI og regjeringas smittevernsreglar og følgjer sjølvsagt reglane som gjeld til kvar tid.

Powered by Labrador CMS