Gammelorgelet i Stangvik:

Klenodiet i tårnet
Da «gullkongen» Fredrik Bruseth i 1910 gav Stangvik-kyrkja eit av Nordmøres første pipeorgel, var det ein kultursensasjon. Etter 70 års teneste vart klenodiet pensjonert, men er framleis eit flott skue.
Stangvik sokneråd har sett ned ein komite for å vurdere ei eventuell framtid for instrumentet - i det minste kanskje å gjera det synleg for folk. Kva det blir til, er enno høgst usikkert.
115 år etter
Torsdag gjorde komiteen ei lita synfaring i tårnrommet der instrumentet vart plassert i 1980, da kyrkja fekk nytt orgel. Møtet skjedde forresten på dagen 115 år etter vigslinga den 7. august 1910!

– Eit storslått og vakkert «møbel» i alle fall, meiner Rannveig Brøske, Jens Settemsdal, Oddveig Helset Halle og Bernt Bøe i nemnda.
Som tidlegare soknerådsleiar har Rannveig henta inn historikk om gammelorgelet - med god hjelp av landets fremste orgelhistorikar Stein Johannes Kolnes.
«Til Erindring»
Instrumentet vart bygd av Kristiania-firmaet Olsen & Jørgensen. Det hadde 12 piperekkjer (stemmer; register) med fyldig, mjukt tonepreg - stort sett etter ideala frå 1800-talet. Via ulike koplingar kunne det relativt mørke klangbiletet utvidast og få fleire, også lysare, fargar. (Når boka «Kyrkja vår – Stangvik» nemnet 17 register, er nokre koplingar rekna med.)
Gjevaren Fredrik Bruseth uttrykte skriftleg at orgelet var gjeve «Til Erindring om Kirkesanger Christen Bruseth og Hustru Ellen Bruseth» - foreldra hans. Kontraktprisen var på 5.400 kroner i den tids valuta.


Bruseth engasjerte organist Velle Vellesen i Kristiania (Oslo) som konsulent: «Hr. organist Velle Vellesen har ærklæret sig villig til at føre tilsyn med arbeidet, under hvis utførelse fabriken har at ta hensyn til hans anvisninger».
På Nordmøre var det berre Kristiansund som hadde kyrkjeorgel (pipeorgel) før Stangvik. Dette var altså ein kultursensasjon.
Vigsling – med 600 frammøtte
Søndag 7. august 1910 vart orgelet teke i bruk – først i ei festgudsteneste, deretter med konsert. Prost Ivar Raaen (Tingvoll) var liturg i gudstenesta. Om tonefølgjet til hans messesong fortel eit notat at tonefølgjet var «dempet, med sarte orgelklanger … ytterst stemningsfullt og av stor virking». Etterpå sa Raaen at han berre to gonger før hadde høyrt eit så vakkert orgel - i Tyskland og i Italia. Notatet seier også: «I alle fall har byggefirmaet bevist at man i Norge ikke står tilbake i orgelbyggekunsten, men har gjort dyktige fremskritt.»
På vigslingskonserten same dag var kyrkja fullsett - det er sagt 600 frammøtte. Organist og konsulent Vellesen spela, og songarinna Signe Holst Larsen frå Kristiansund deltok som solist. Det må ha vore ei kulturoppleving utan sidestykke – når ein også veit at pipeorgel den gong ikkje fanst i nordmørsbygdene.
«Fylte de høyeste krav»
Truleg var det konsulenten og konsertens orgelsolist som etterpå sendte omtale til eit leiande musikktidsskrift i Tyskland. Her les vi at instrumentet «fylte de høyeste krav til et godt kirke- og konsertorgel. Det har god og karakteristisk intonasjon (klangutforming) i de ulike stemmer og mange koplinger som gjør det mulig å kombinere en mengde skjønne klangfarger. Instrumentet har en sjelden fylde og i fullt register en kraftig, klar og velklingende tone; det virker som et orgel på minst 20 stemmer».
Gyda spela 53 juledagar
Første organist var Kristoffer Johansen, lærar på Kvanne frå 1910 til 1919. Men lengst og størst teneste gjorde Gyda Evensen, frå 1920 til 1972. Ho forsømte aldri ei gudsteneste og spela 53 juledagar!

Rundt 1920 fekk forresten orgelet elektrisk vindforsyning, så ein slapp ein person til å dra belgen for hand.
Etter 70 år hadde Jørgensen-orgelet gjort si gjerning, og kyrkja skaffa dagens orgel frå danske Bruno Christensen (1980). Fasaden, vindsystemet og spelbordet frå det gamle vart da plassert i tårnrommet. Randulf Skjærseth frå Trondheim overtok pipene; han bringa dei tilbake i 2013.
Slik eksisterer stort sett heile det 115 år gamle orgelet. Fasaden er å sjå i tårnrommet. Klangen er sjølsagt borte, men lever att i nokre lydopptak frå 1970-talet. Kanskje vil klenodiet i det minste bli å høre på facebook eller på annan måte før eller seinare?
