Møre og Romsdal fylkeskommune

Bygdetunet på Åsen med oransje trønderlåner
Nordmørsmusea får 9,42 millionar i driftstilskot for 2026. Her fra Åsen Bygdetun

66,3 millionar i driftstilskot for regionale kulturinstitusjonar

Kultur- og folkehelseutvalet har nyleg fordelt 66,3 mill. kroner i driftstilskot for 2026 for regionale kulturinstitusjonar, skriv Møre og Romsdal Fylkeskommune i ei pressemelding. Nordmørsmusea er av dei som får dei største tilskota. Samtidig er 16,7 millionar fordelt til kunst, kultur og idrettsliv, kor både laget Vårsøg og Surnadal Billag får tilskott fra fylkeskommunen.

Publisert Sist oppdatert

Dei fleste tilskota er prisjusterte frå 2025 med 3,5 prosent, medan enkelte institusjonar får større auke som følge av statlege løyvingar og særskilde satsingar.

Store mottakarar

Dei største tilskota går til Stiftinga Viti (13,16 mill. kroner), Nordmørsmusea AS (9,42 mill. kroner) og Teatret Vårt (8,19 mill. kroner). Operaen i Kristiansund får 7,08 mill. kroner, ein auke på 15 prosent samanlikna med 2025, i tråd med staten sine justeringar og høgare kostnader ved nytt bygg.

Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv får den største prosentvise auken, på 16,7 prosent, som følgje av ei varig løyving på 300.000 kroner til den kulturretta satsinga Smart fjord kultur.

Einstemmig vedtak

Utvalet slutta seg einstemmig til fylkeskommunedirektøren si innstilling, som bygger på gjeldande avtalar, fordelingsnøklar og føringar i statsbudsjettet. Fordelinga gjeld institusjonar som har faste avtalar med fylket eller inngår i nasjonale kulturstrukturar.

Fylkeskommunen gir driftstilskot til regionale kulturinstitusjonar for å sikre eit profesjonelt kulturtilbod i heile fylket. 

– Driftstilskota er viktige for å sikre sterke og tilgjengelege kulturinstitusjonar i heile fylket. Dei bidreg til profesjonell drift, mangfald og deltaking, og er ein sentral del av vårt arbeid for å utvikle kulturtilbod og legge til rette for deltaking og gode opplevingar i heile fylket, seier Leif Bjarne Ersnes, leiar av kultur- og folkehelseutalet i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Oversikt over tildelingane til regionale kulturinstitusjonar kan du sjå på Møre og Romsdal fylkeskommune sine nettsider.

16,7 millionar til kunst og kultur

Totalt blir 16,694 mill. kroner fordelte til lag og organisasjonar innan kunst, kultur, idrett, friluftsliv og kulturarv. Her får Laget Vårsøg 114 000 kroner og Surnadal Billag  eittilskot på 83 000 kroner. Idrettskretsen får også i underkant av fire millionar kroner.

2026 er det andre året i tilskotsperioden 2025–2028, og driftstilskota er prisjusterte med 3,5 prosent.

Fylkeskommunen gir driftstilskot til regionale kultur- og idrettsaktørar for å bidra til mangfald av tilbod i heile fylket, støtte profesjonelle miljø og frivillig aktivitet og fremme folkehelse, inkludering og samfunnsdeltaking. Tildelinga er forankra i kulturlova og følgjer opp regionalt planverk.

– Desse tilskota sikrar stabile rammer for aktørar som skaper aktivitet, fellesskap og mangfald i heile fylket. Vi er glade for å støtte både profesjonelle miljø og frivilligheit som både styrker kulturtilboda og fremmer folkehelse i fylket vårt, seier leiar av kultur- og folkehelseutvalet Leif Bjarne Ersnes.

Oversikt over tildelingane til kunst og kultur kan du sjå på Møre og Romsdal sine nettsider.

Powered by Labrador CMS