Songkveld

Frå Åge til Händel

Det var lystig lovsong og visesong i Rindal kirke sist torsdag kveld da den nye kantoren Bjørn Vevang inviterte til songkveld. Og etterpå var det servering av «kirkesnacks!

Kantoren leda uhøgtideleg arrangementet frå pianokrakken, og mesteparten av songnummera var etter ønske frå forsamlinga.

Songane var henta frå songboka Syng med, og der fann vi mellom anna Lys og varme frå Åge Aleksandersen.

Da Trivelege Trøndelag vart foreslått kommenterte Vevang: - Dette blir ikkje greitt for enkelte, men vi skal takle det! Han hadde observert surnadalingar i forsamlinga.

Eit umiddelbart ønske om Vårsøg gjorde stemninga riktig god igjen for gjestene frå Surnadal.

Alle songane vart gjennomført med virtuost tonefølgje av kantoren. Det tok heilt av under sprudlande forspel og etterspel til salmen Deg være ære med melodi frå Händels oratorium Judas Maccabeus.

Avslutninga – før kirkesnacksen – var Se solens skjønne lys og prakt til folketonen frå Romundstadbygda.

Soknerådsledar Leif Ove Grytbakk takke kantoren for song stunda og ønska han velkommen til Rindal

Kantor Bjørn Vevang blir nærare presentert her på Trollheimsporten!

Etter songstunda serverte soknerådet snacks, kaffe, brus (solo - sjølvsagt på ein songkveld), potetgull og peanøtter.
Powered by Labrador CMS