Konfirmasjonsdatoane er bestemt

Sokneråda i Surnadal har no bestemt konfirmasjonadatoane i alle kyrkjene.

Publisert Sist oppdatert

Kyrkjekontoret opplyser at dette er konfirmasjonsdatoane i Surnadal og Rindal 2021:

Øye kyrkje - 5. og 6.juni
Ranes kyrkje - 12. og 13. juni
Stangvik - 28. august
Todalen - 28. august
Åsskard - 29. august
Rindal - 4. september
Mo kyrkje - truleg 26. september

I løpet av mars startar restaureringsarbeidet ved Mo kyrkje. Arbeidet vil halde på utover våren og sommaren, og sluttdato for prosjektet er beramma til 15. september. Mo kyrkje vil vere lite egna til bruk i denne perioden. Av omsyn til dette har Mo sokneråd bestemt at konfirmasjonen vert utsett, med håp om at den 26. september blir ei festdag i dobbel betydning, med konfirmasjon og den offisielle gjenåpninga av ei nyrestaurert «Mokyrkje».