Lars Gunnar Polden ved biletet "Å forskreva seg"

– Eg vil lage bilete med fart i

Om lag 40 tok turen til Kallastua torsdag kveld då kunstnaren Lars Gunnar Polden opna utstilling i fødebygda med fargerike og levande bilete

Publisert Sist oppdatert

Sjølv om Polden har levd det meste av livet sitt utanom bygda, har han røtter i Surnadal, der han var fødd i 1951. To år gamal flytta Lars Gunnar til Ålvundeid med familien, der han vaks opp.

Stetfiskar

Torsdag fekk dei frammøtte servert eplemost frå Hardanger, i dag bur nemleg Polden i Kvam i Hardanger med kone og to barn. Men familien har òg feriebustad på Lykjeeidet i Surnadal.

Lars Gunnar Polden starta yrkesutdanninga si på reklamelina på Borgund yrkeskule, og fullførte utdanninga innan grafisk design med diplomoppgåve ved Bergen kunsthandsverkskule i 1976. Han har vore yrkesaktiv som biletkunstnar sidan det.

Lars har delteke på fleire gruppeutstillingar og separatutstillingar. Dei siste 15 åra har han i hovudsak stilt ut i eige galleri på Hjadlane, i Osa i Hardanger.

Frå Stetfiskar til himmelhus

Polden arbeider ofte i relativt store format i teknikkane olje på lerret, kol og pastell, men òg med små teikningar, akvarellar og raderingar. Han arbeidar i ulike motivkretsar og nyttar ofte humor, noko tittelen på bileta ofte avspeglar.

Kattikkall

I sterke fargar og dramatisk komposisjon blir publikum introdusert for verk som «Å gjera kål på ei gulrot», «Kattikall» og «Stetfiskar». Alle bileta er produsert i løpet av dei tre siste åra. Han vil lage bilete med fart i.

Å gjera kål på ei gulrot

Men her er òg alvor blanda inn i humoren. Under opninga vart eit bilete seld, og Polden fortel at han hadde ei spesiell oppleving med akkurat det bilete, som er kalla «Eit hus i himmelen»

Biletet er nemleg tileikna den avdøde lege og samfunnsdabatant Per Fugelli, som såg for seg at han, som ateist, ikkje fekk plass i himmelen. Dermed måla Polden eit «himmelhus» til Fugelli. Dette hadde kunstnaren hengt opp i vindauget, og ein dag ha kom gåande skein sola gjennom biletet og det var lys i himmelhuset til Fugelli.

Kultursjef Lilli Husby introduserte Lars Gunnar Polden, medan ordførar Margrethe Svinvik held tale og sto for snorklippinga. Her saman med kunstnaren (t.v) og Lars Skrøvseth frå Stiftelsen Kallastua

ANNONSE:

ANNONSE:

Utstillinga varer fram til den 26.09, og Kallastua vil være open fra torsdag til søndag begge vekene mellom klokka 15:00 og 19:00.

Powered by Labrador CMS