Anne Botten Stokke laga dette messehagelet, som var ferdig i 2019.

Kyrkjetekstilar og boklansering i Kallastua

Tydag kveld var det klar for utstillingsopning i Kallastua. Utstillinga av kyrkjetekstilar er ein del av markeringa av 150-års jubileet av Øye og Ranes kyrkjer. Samtidig var det lansering av Øye og Ranes sokneråd si bok «Ranes kyrkje og Øye Kyrkje» ført i pennen av Bernt Bøe.

Publisert Sist oppdatert

Dei i overkant av 30 personer tok turen til Kallastua fekk servert mange interessante godbiter fra boka. Bernt Bøe fortalde om kyrkjehistorie i Surnadal heilt ned til 1400-talet så vel som aktivitet i kyrkjene og i kyrkjas regi i dag. Teikningar og bilete av gamle kyrkjer og kyrkjekunst i dalføret er noko av det vi får sjå i boka.

Bøe har mellom anna lagt vekt på den aktive kyrkja i nyare surndalshistorie. I Torbjørn Brøske si tid som sokneprest starta ein tradisjon med at barn fekk vere aktivt med i kyrkja, det vere seg som ein del liturgien eller ved skodespel, musikk eller dans. Brøskes tanke var at barna bør få lære gudstenesta å kjenne innanfrå.

Musikk er tett knytt til kyrkja, og i boka finn vi og stoff om det mangfaldige musikklivet i kyrkjene. Namn som Gunnar Vik, Oddveig Helset Halle er trekt fram frå moderne tid, men vi får òg lese om tidlegare organistar og ulike kor.

Bernt Bøe signerer boka han har skrive om dei to kyrkjene i nedre Surnadal

Å sjå att koret Jubilate eller bilete frå søndagsskular, morgonsong og andre aktivitetar for unge, er moro. Her er det mogleg for mange å finne att både seg sjølv og kjende.

Handtverk på høgt nivå

Lars Skrøvseth fortalde om jobben med å finne fram til materialet til utstillinga. Han understreka at vi her snakkar vi om kunst og kunsthandtverk på høgt nivå. Han fortalde òg om kunstaren Kalla som har designa mange kyrkjetekstilar og altertavler, så vel som anna kunst i kyrkjer omkring.

Skrøvseth hylla Sverre Halte, som har vore sentral i dette arbeidet, og overrekte Hatle eit gåvekort.

Hatle fortalde meir om korleis han har gripe seg an for å finne fram til tekstilane og historia bak dei ulike plagga. Det er og laga eit hefte for publikum som tek for seg dei ulike delane i utstillinga. Vi finn tekstilar både frå Øye, Ranes og Mo kyrkjer.

Utstillinga omfattar messehagel, stolaer og prekestolkleder. Kvart plagg har si historie.

"Overdimensjonerte lommetørkle" sa Sverre Hatle om stolaene som presten har rundt halsen. Dei var opprinneleg meint for å tørke svette og tårer.
Nokre av dei flotte messehagela som er utstilt

Med til historia høyrer at det er svært strenge reglar for utforming av slike tekstilar. Biskopen må godkjenne mellom anna utsmykninga. Det fekk Anne Botten Stokke erfare da ho laga nytt messehakelet for nokre få år sidan. Ho ville plassere auget som symboliserer Guds allsjåande auge inne i treeinigheitstrekanten. Det var det så vidt ho fekk lov til.

Tove Elin Strand akkompagnert av Oddveig Helset Halle
Karen Oddny Gravvold

Fløyte og song

Musikalske innslag fekk vi av Anne Lise Wullum, som song Surnadalssongen, som er sagt å skulle vere ein av Kalla sine faviorittar. Karen Oddny Gravvold framførte to «lokale» salmer, mellom anna Den lyse dag forgangen er.

Tove Elin Strand spelte fløyte, mellom anna frå ei suite av John Rutter akkompagnert av Oddveig Helset Halle på piano.

Utstillinga er open førstkommande laurdag og søndag, samt torsdag og søndag neste veke klokka 14.00-17.30

Powered by Labrador CMS