Pressemelding fra JazzåTeateret Produksjon:

Lady Arbuthnott 2011, Jazzåteatret

Håpar på alternativ "Lady-helg" i august

I 2020 traff som kjent koronaen oss og dessverre vart det ikkje mogleg å avvikle framsyninga og heller ikkje markere 25- årsjubileumet til Ladyen. Vi fikk imidlertid – med hjelp av støtte frå sponsorar og samarbeidspartnarar – heldigvis til fleire spennande aktiviteter som ga kulturelle opplevingar til trass for pandemien.

Så langt i 2021 er kvardagen og kulturlivet framleis hardt ramma av koronapandemien, sjølv om vi no både håpar og trur at vi ser lys i tunellen.
Men, på grunn av koronasituasjonen, har styret i Jazzåteatret produksjon (JTP) beslutta at den ordinære utgåva av «Lady Arbuthnott – frua på Elverhøy» i Hovshall dessverre ikkje kan gjennomførast i 2021 heller.

Nasjonale restriksjonar gjer det umogleg å gjennomføre prøver og å sette opp teater innandørs med så mange aktørar, sidan statistar og andre involverte som ikkje er profesjonelle utøvarar må halde minst ein meters avstand. Styret og produsent har sjølvsagt òg vurdert muligheten for å utsette speleperioden til seinsommaren, men styret kan dessverre ikkje sjå at det vil vere mogleg å gjennomføre ei forskyvd framsyning heller, spesielt med tanke på at vi uansett hadde vore nøydd til å avvikle prøver i løpet av sommaren.

Vårt ensemble er i stor grad frivillege og deriblant mange studentar som er opptatt med sommerjobb og deretter går tilbake til studiene frå medio august. Styret i JTP har i lengre tid jobba parallelt med ulike alternativ til ordinær, innandørs framsyning, og har tidlegare skissert ein Plan B: ei framsyning utandørs. Det er krevjande å finne riktig form, lengde og innhald som kan være gjennomførbart, både praktisk og økonomisk, så dette er fortsatt undervurdering.

Foreløpige tankar er å sjå om vi kan få til ein produksjon som - saman med andre aktivitetar- kan bli til ei Lady-helg på Leikvin folkemuseum i midten av august. Gjennomføring vil vere avhengig av støtte frå våre sponsorar og samarbeidspartnarar, samt bistand frå våre trofaste frivillege i ensemblet. Dette vil vi kartlegge gjennom dialog med desse i vekene som kjem.

Museumslaget søker no om midlar til å bygge eit amfi i skråninga mellom den store, gamle låven og hovudbygget på Leikvin. Dette er JTP svært positive til og amfiet er noko både vi og andre kulturaktørar i Sunndal vil kunne bruke og ha stor glede av. Vi håpar dette prosjektet blir realisert innan august slik at vi kan ta amfiet i bruk til våre arrangement!

Det er krevjande å drive med kulturarbeid for tida. Ein må konstant endre planar fordi smittetala og smittetiltaka stadig endrar seg. Fastmonterte seter, avstand, antall publikum og andre omsyn gjer at ein enno ikkje kan seie med sikkerheit kva som blir det endelege resultatet, men vi ønskjer at publikum som kjem til Leikvin i august skal kunne få ei unik oppleving og ein følelse av å vere i Barbara Arbuthnott sitt univers.

Vi håpar å få mogleiken til å sjå mange av dykk på Leikvin i August!

Powered by Labrador CMS