Interessant temakveld med viktige tema og fullt hus
Tinde Sparebank i samarbeid med Surnadal Demensforening og helselag inviterte tysdag kveld til «En nyttig og viktig kveld» i kantina på Surnadal vidaregåande skule.
Her var det først eit kort foredrag om framtidsfullmakt ved Siw Bergsås, før Marianne Mørch Danielsen hadde eit personleg og gripande foredrag om demens og pårøranderollen.
Ønskte velkommen
Botten ønskte alle dei frammøtte velkomne og takka samtidig Tinde Sparebank og avdelingsleiar Mette Helen Mikkelsen for at banken så velvillige og rause stilt opp og tok heile kostnadane med arrangementet.
Mikkelsen på si side var kjempeglad for å få lov til å bidra til eit slikt arrangement, samtidig som ho understreka at Tinde sparebank er ein lokal bank, der dørene er opne kvar dag heile veka.
Om framtidsfullmakt
Siw Bergsås har lang og variert erfaring frå bank, tech- og konsulantbransjen, der ho har arbeidd som økonom, lagbyggar og leiar. Ho driv i dag sitt eige firma.
Bergsås var klar på at alle bør skrive ei framtidsfullmakt, sjølv om ein framleis er både ung og frisk. Ei framtidsfullmakt regulerer økonomiske-, juridiske-, personlege- og personlege tilhøve.
Ei framtidsfullmakt blir i Verjemålslova definert som ei fullmakt til ein eller fleire personar om å representere fullmaktsgjevaren etter at han eller ho på grunn av sinnsliding, demens eller alvorleg svekka helsetilstand ikkje lenger er i stand til å ivareta sine eigne interesser innafor områda som er omfatta av fullmakta.
Ordninga med framtidsfullmakt er i utgangspunktet gratis å lage og ein kan sjølv skrive den. Ein kan også nytte advokat, man da må ein betale for å få den skriven.
Framtidsfullmakt er eit privatrettsleg alternativ til vanleg verjemål, og dersom ein planlegg å opprette ei framtidsfullmakt, bør ein sette seg godt inn i kva ei slik fullmakt inneber.
Ei framtidsfullmakt kan heilt eller delvis erstatte verjemål. Den som skal opprette ei framtidsfullmakt må ha fylt 18 år og forstå kva fullmakta inneber.
Fullmektigen må vere ein eller fleire fysiske personar som har fylt 18 år og ikkje sjølv ha verje. Fullmektigen kan til dømes vere ektefelle, sambuar eller barn.
Bergsås understreka at det er viktig å følge formkrava for ei framtidsfullmakt og oppdatere den når livssituasjonen eventuelt skulle endre seg.
Ho sa også at når ein skal lage framtidsfullmakt er det viktig å snakke med fagfolk, lage ei fullmakt som passa den enkelte, ikkje vere for snever, avklare forventningar, og bruke klart forståeleg språk med eit klart mandat.
Bergsås avslutta med å fortelje at dersom ein ikkje har ei framtidsfullmakt, så risikerer ein at verje blir oppnemnt av Statsforvaltaren, noko som kan føre til at familien får redusert myndigheit.
Kaffepause med loddsal
Mellom dei to foredraga var det kaffepause med ferske kanelsnurrar og loddsal. Botten kunne også informere om at Surnadal Demensforening og helselag no har passert 450 medlemmar, og at det er det andre største lokallaget i landet.
Ho orientere også litt om «pårørandekafeen» dei har starta saman med Surnadal sanitetsforening.
Om demens og pårøranderollen
Marianne Mørch Danielsen er forfattar, foredragshaldar og podkastvert. Ho driv med rådgjeving mellom anna for pårørande til personar med demens.
Ho har saman med Hilde Merete Klungerbo skrive boka «Ikke lett å glemme».
Danielsen innleia med å understreke at det var lov å bli lei seg og å bli glad under foredraget hennar.
Ho fortalte si og mora si historie, frå da mora, 62 år gamal vart sjuk i 2010 og fram til mora døydde sommaren 2025. Mora fekk etter kvart påvist Alzheimers sjukdom, og Danielsen fortalte korleis tida med ei sjuk mor var.
Da mora fekk påvist Alzheimers sjukdom, ville ho ikkje fortelje dette til nokon, men Danielsen fortalte at det etter kvart vart såpass ille at ho måtte fortelje korleis det sto til med mora til slekt og vener, sjølv om ho hadde lova mora å ikkje gjere dette.
Da mora ikkje kunne bu heime lenger, tok det eitt år å få alle fagfolka til å snakke saman for å få plass til henne på sjukeheim, men da fagfolka først snakka saman tok det ein dag før ho fekk plass!
Det er difor viktig å kartlegge kva for hjelpeapparat og tilbod som finst, understreka Danielsen.
Ho understreka også at det er viktig for pårørande å ha kontakt med andre pårørande, slik at dei kan hjelpe og støtte kvarandre. Samhald på denne måten gjev energi og styrke i ei vanskeleg tid.
Danielsen helt eit interessant og gripande foredrag om eit viktig tema det ikkje alltid er så lett å snakke om.
«En nyttig og viktig kveld» vart ein interessant kveld til ettertanke, og leiar i Surnadal demensforening og helselag, Liv Botten var kjempegodt nøgd med oppmøtet.
– Dette var over all forventing, så tusen takk til alle!, avslutta oppsummerte ho ein vellykka kveld.