Surnadal IL Håndball:
Inspirerande og lærerik handballskule
Fredag arrangerte Surnadal IL Håndball, i samarbeid med Byåsen Elite Håndball, gratis handballskule for ungdomslag i Surnadal idrettshall.
Målgruppa var jenter i alderen 13 – 16 år, og Surnadal IL Håndball hadde i tillegg til eigne spelarar også invitert spelarar frå Rindal IL og Sunndal IL.
Det var Byåsen Elite Håndball sin nye trenar, Thomas Engen, og Mathilde Arnstad, landslagsspelarar frå elitelaget, som var instruktørar og forbilde på handballskulen, der atten motiverte og lærevillige jenter var med.
Har underteikna samarbeidsavtale
Surnadal IL Håndball og Byåsen Elite Håndball har frå september inngått ein sportsleg samarbeidsavtale, og skulen er ein forsmak på denne samarbeidsavtalen.
Byåsen Elite Håndball har i tillegg lagt oppstarten av sesongoppkøyringa si til Surnadal, og skal fredag ettermiddag trene i idrettshallen. Laurdag har dei trening med Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping i «frustrerte fruers vei», før dei tek turen til Vindøladalen.
– Dette er positivt både for håndball, samarbeid på tvers av kommunegrenser, reiseliv, samarbeid mellom ulike sportsgrener og for Surnadal som helhet, seier Karina Wigum i Surnadal IL Handball.
– Felles trening for flere klubber er positivt både på kort og lang sikt, sa Byåsen Elite Håndball sin trener Thomas Engen.
– På denne måten når vi flere på samme tid, og kvaliteten på treningene blir derfor bedre, la han til.
Positive og lærevillige jenter
Spelarane som var med på handballskulen fredag kom frå Rindal J15, Sunndal J14 og Surnadal J14 og J16.
– Dette var skikkeleg artig og veldig lærerikt, var dommen frå både rindalingane og sunndalingane.
– Vi fikk lære å bli bedre til å spille hverandre gode og å plassere oss riktig, sa jentene frå Surnadal J14 og J16.
– Det er verkeleg insipirerende å trene en gruppe med så motiverte og lærevillige spillere, sa instruktørane Mathilde Arnstad og Thomas Engen.
Hadde ikkje vore mogleg utan sponsorar og frivillige
Både Karina Wigum og Eva Kristin Solli understrekar at det ikkje hadde vore mogleg å arrangere handballskulen utan sponsorar og dei frivillige.
– Vi vil takke Brannkassen Surnadal og dei andre støttespelarane frå lokalt næringsliv, seier Karina og Eva Kristin.
– Vi takkar også dei frivillige for innsatsen, la dei til.