Gudstenesta i Rindal kirke

Dåpsbarnet Aksel Bjørnstad Dimmen med foreldre og faddere
Dåpsbarnet Aksel Bjørnstad Dimmen med foreldre og faddere

Lønn, arbeidstid og rettferd

Dette var tema for preika Lene Prest heldt i Rindal kirke denne søndagen. Aksel vart døypt, og dei som vart konfirmerte for 50 år sidan møttes i kirka og til middag på menighetshuset etterpå. Bilde av dei nedst i artikkelen!

Publisert Sist oppdatert

Preika i Rindal kyrkje 3/9-23

På mange måtar kan Himmelriket liknast med eit Bakvendtland, meir styrt av Guds godheit enn av våre tankar om kva som er rettferdig og kven som skal ha plass oppe og framme. Sidan det var både dåp og gullkonfirmantar i kyrkja denne dagen, fall det naturleg å flette dei inn i preika:

Likninga om arbeidarane i vingarden. Matteus 20,1-16.

Himmelriket kan liknast med ein jordeigar som gjekk ut tidleg om morgonen for å leiga arbeidsfolk til vingarden sin. Han vart samd med arbeidarane om ein denar for dagen og sende dei bort i vingarden.

Så gjekk han ut omkring den tredje timen og fekk sjå nokre andre som stod ledige på torget. Han sa til dei: ‘Gå bort i vingarden, de òg! Så skal eg gje dykk det som er rett.’ Og dei gjekk. Sidan gjekk han ut omkring den sjette og den niande timen og gjorde like eins.

Då det leid til den ellevte timen, gjekk han ut att og fann endå nokre som stod der. Han seier til dei: ‘Kvifor står de her arbeidslause heile dagen?’ ‘Fordi ingen har leigd oss’, svara dei. Då sa han: ‘Gå bort i vingarden, de òg.’

Då det leid til kvelds, sa vingardseigaren til forvaltaren sin: ‘Kall fram arbeidsfolket og lat dei få løna si! Ta til med dei siste og hald fram til dei første.’

Så kom dei som var leigde omkring den ellevte timen, og fekk ein denar kvar.

Då dei første kom, venta dei å få meir; men dei fekk kvar sin denar, dei òg. Dei tok imot pengane, murra mot jordeigaren og sa: ‘Dei som kom sist, har ikkje arbeidd meir enn ein time, og så set du dei likt med oss som har slite og sveitta heile dagen!’

Han sa til ein av dei: ‘Ven, eg gjer deg ikkje urett. Var vi ikkje samde om ein denar? Ta ditt og gå! Men eg vil gje han som kom sist, like mykje som deg. Har eg ikkje lov å gjera som eg vil med det som er mitt? Eller ser du med vonde auge på at eg er god?’

Såleis skal dei siste bli dei første og dei første dei siste.»

Ein av dei artigaste songane eg visste om då eg var lita, var I Bakvendtland. Igrunnen ei genial songtekst om at aust er vest, at fem og to er ni, om at skuleborna byrjar i sjuende klasse og går ut av fyrste klasse – og skal dei synge så tek dei siste verset av ein song dei ikkje kan.

Guds rike er eit bakvendtland i forhold til korleis me pleier å tenkja – og det kunne me gjerne tenkt litt meir over. For sett i forhold til korleis det ligg naturleg for oss å tenkja med hensyn til kven som har status og kven som ikkje har status, så er me faktisk like tøysete og rare alle mann.

Eksemplet på dette ligg heilt oppe i dagen, mellom oss som er her. Og då vil eg fyrst byrja med å snakke opp dykk som har meldt dykk på og kome hit fordi de er gullkonfirmantar. Femti år har gått sidan de gjekk for presten, som det heitte den gongen. Femti år som har gjort dykk både rike og velståande – om ikkje på aksjehandel, så heilt sikkert på erfaringar, visdom og lærdom, familie og venskap. Femtiårskonfirmantar er gull med alt de har med dykk av ballast og erfaring. Kor mykje er det vel ikkje de kan og veit?!

Og så er det ein til som har meldt sin ankomst her i kyrkja i dag, - eller rettare sagt: Foreldra hans har meldt han til dåp. Fordi de vil at han skal bli født på nytt att og leva og blomstre med Jesus livet igjennom. Aksel har gjort foreldre og familie rike, han er elska og han vil de det beste for. Kjenner eg dykk rett, er Aksel – som Inger Hagerup så fint formulerte det – rik på uopplevd kjærlighet.

Det er ca 65 år som skil Aksel og gullkonfirmantane i alder. Det meste av livet.

Kva skal det bli til?

I lignelsen Jesus fortalte, var det nokon som brukte heile dagen på arbeid i vingarden. Dei arbeidde seg gjennom både morgon og formiddag, middagstid, ettermiddag og kveld.

Og så er det nokon som arbeider halve dagen og nokon som arbeider berre ein time. Berre ein time. Og så får dei full løn, ein denar, vanleg dagsløn.

Då byrjar desse som har vore på jobb heile dagen å rekne seg fram til kor mange dagsløner dei sjølve skal få .... skal sjå, hvis ein time på jobb er ei dagsløn, så må mine ti timar bli til ti dagsløner. Du verden, dette blir bra!

Eg forstår godt at dei blir sure og føler seg dårleg behandla. Men så er heile problemet at det er han som eig jorda og leiger arbeidsfolket som bestemmer. Og han bestemmer seg for å vise godheit mot desse som hadde stått arbeidsledige heile dagen, slik at dei også kunne koma heim med ei dagsløn til familien sin.

Det er nok ikkje berre desse som hadde jobba full dag som blir sett på plass av spørsmåla Jesus legg i munnen på jordeigaren – me kan gjerne ta dei med oss heim og tenkja nøye over kva som ligg der, me òg:

- Har eg ikkje lov å gjera som eg vil med det som er mitt?

- Eller ser du med vonde auge på at eg er god?

Når Gud gjer som han vil med det som er hans, så deler han ut sitt rike, sin heilage ande, sin nåde og si salige framtid både til liten og stor, til dåpsbarn og gullkonfirmantar, til dumme og smarte, til dei som steller seg lurt og alle som ikkje får til å stelle seg lurt.

Han har så me får det me treng, alle. Og ser me med vonde auge på at han er god mot andre, kan me berre vita med oss sjølve at me alle er like avhengige av denne Guds godheit.

Skal me så stå på same line? Nei, me skal visst ikkje det. Dei siste skal bli dei fyrste. Det skulle vore interessant å oppleva dette bakvendtlandet.

Forresten står det ikkje på han som inviterer. Om me så kjem med som nydøypte eller har brukt det meste av livsdagen på å stå ledige på torget. Det står ikkje på han som ser på oss med gode auge og inviterer oss til fellesskapet i Guds rike – slik me også deler det i dag rundt altarringen.

Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal èin sann Gud frå æve og til æve.

17 50-årskonfirmantar
50-årskonfirmantar i Rindal 2023

1. rekke f.v.: Marit Sinnes Wuttudal, Inger Åshild Røen, Gøril Ingeborg Lilleløkken Lo, Ellinor Møkkelgård, Hilde Folden Istad.
2. rekke f.v.: Morten Halgunset, Berit Romundstad, Ingrid Løfaldli Fiske, Magne Lillegård, Mikkel Holte, Ingeborg Romundstad Skuggevik, Greta Elisabeth Bolme Wollan.
3. rekke f.v.: Steinar Løfald, Per Olav Foseide, Lars Inge Røen, Magne Børset, Birger Løfald.

Powered by Labrador CMS