Show and Style, kretsrenn i freeski

Lars Vasseng Kvammen, junior gutter

Høge svev og mykje meistring i bakken

Vellukka kretsrenn med topp stemning

Publisert Sist oppdatert

Søndag vart det arrangert Pipelife Show and Style i Sæterlia. Dette er eit kretsrenn i freeski i Sør Trøndelag ski krets, som Sunrnadal IL tilhøyrer. På søndagens konkurranse var det mange deltakarar frå Freidig SK frå Trondheim, og nokre frå Ålen. Desse klubbane og Oppdal er i same krets. Det vart konkurert i greinene Slopestyle og Big Air i aldersbestemte, rangerte klassar, her var det kring 40 deltakarar. Klassen Superkids blir ikkje poengrangert, og dei køyrer slopestyle.

Superkidsa

Heile 18 ungar var med i superkidsklassen, desse er under ti år gamle, og yngste deltakar var Aksel Kvande som ikkje er fem år enno. Det er ganske tøft.

Alle dei 18 vinnarane i Supekids.
Aksel Kvande er ikkje fem år enno, og var yngste deltakar på rennet.
Tiril Fjelnset var ei av tre superkidsjenter. Her flyg ho uredd over ein hopp.

Slopestyle

I rangerte klassar vart det arrangert både Slopestyle og Big Air. Slopestyle er ein konkurranse med både rails og hopp. Dei fleste av utøvarane deltok i begge greiner. Å raile er supervanskeleg, det prøvar undertikna rett som det er utan å lukkast noko særleg. Det er utfordrande berre å komme seg på plastrøret, og halde seg der og gjere triks attåt er meir som sirkusakrobatikk å rekne. På hoppa gjer ein dei triksa ein kan. Alle får to runder til å ufolde seg, og den beste runden tel. Det står dommarar i løypa og vurderer triksa.

Jacob Dyrli raila seg til ein førstplass i Slopestyle i klassen kids U12.
Jakob Todalshaug Strand i Slopestyle.

Big Air

I Big Air er det hopp. Utøvarane vel sjølve om dei går for dei største eller minste hoppane. Søndag var det eit gjeldande hopp pr. runde. Likeins som i Slopestyle, så tel beste runden. Denne dagen hadde skribenten mange hattar, her snakkar vi kakebakar, freeski-mamma, freelance journalist, og ikkje minst, deltakar i Big Air. Dei siste par-tre sesongane, altså godt og vel etter passert 40, og med mange kveldar og dagar i bakken med ungane, vart det litt tamt å berre renne, så da frista hoppane litt. Dei små, ja. Men, siste dagen på sesongen i fjor overbeviste ein av ungane om å prøve den minste bigjumpen. Og det var GØY! Så da vart målet for denne sesongen å hoppe på store hoppar frå sesongstart. No har veret lagt litt dempar på planen, men hopping har det vorte. Skuffelsen var litt til stades da det viste seg at den minste bigjumpen ikkje talde i konkurransen. Det er kanskje litt tullete å melde seg på konkurranse når ein er halvvegs til nitti og vel så det, og nybegynnar, og attpåtil skal skrive om det, men jammen var det ei oppleving. Når dei spelar musikk, og ropar opp namnet ditt, da går ikkje an å halde att. Kjensla av å sette utfor mot hoppane, sveve over, og merke at du hoppar betre enn du nokon gong har gjort før, det er kult det. Altså, ikkje at det var noko fancy triks inni bildet, men freeski har ein eigen terminologi. Rette hopp heiter straight air! Grab seier seg sjølv om ein kan litt engelsk, cork screw kan vi foretille oss, og ikkje minst lærer desse utøvarane uttrykk som mattelærarane set pris på, for dei veit godt forskjell på 180 grader og 360 grader. Eg trur jammen det var snakk oppi heile 900 gradar med somme, og det er svimlande mykje rotasjon.

Signe Fiske flyg høft ove bigjumpen.
Kristian Slettås i ein høg back flip i Big Air.
Kristian Aleksander Fjelnset over bigjumpen i Slopetyle.

Stemninga

Trass veldig skiftande ver med både snøfokk og solskin, var det topp stemning heile dagen. Speaker Sander Kleivenes backa opp løparane og gjorde rennet meir publikumsvennleg. Freeskiforeldra var i full sving som kulvakter, løypeansvarlege, og mykje anna. Saft og kake vart delt ut til alle, og alle fekk premie. Utanom konkurranserundane var det mykje leik blandt dei minste, og mingling blandt dei litt større. På startpunkta medan dei ventar på tur blir triks diskutert, og dei støttar og oppmuntrar kvarandre på tvers av klubbane. Her er det mykje smittsom skiglede.

Chiller i bakken. Det er sosialt å køyre freeski.
Før start var det diskusjon om ulike triks, og oppmuntring om å prøve nye.
Desse blide freidiggutane var veldig fornøgd med å ha fått servert bakels og græt.

Jentene

Som mykje anna er freeski dessverre litt dominert av gutar. I Sæterlia deltok totalt åtte jenter, underteikna medrekna, medan det var kring 50 gutar. Jentegruppa i Surnadal ønskjer i alle fall fleire velkomne. Dei jentene som er med er veldig ivrige og trenar fast på onsdager saman med nokre til som ikkje konkurrerte i helga. Flinke er dei og. Signe Roaldset Fiske er med i ei nasjonal satsingsgruppe for jenter i freeski gjennom skiforbundet, og ho er med på kretslaget. Freeski får lite merksemd i media, og særleg jentene. Det er litt urettferdig. Neste skuleår blir det starta opp freeski-line på NoFo, det kan bli veldig positivt for fressski miljøet i Surmadal.

Marikken Fjelnset frå Valsøya køyrer for Surnadal IL, ho var einaste jente i klassen, og ønskjer seg konkurrentar.
Surnadalsjentene fyller pallen i yngre jenter junior.
Inga Blomstrand Harang tok i ein fin 180 i Slopestyle, ho dro til med 360 i Big Air.
Simone Akrin, midt i ein 180 i Big Air.

Bildeserie (foto frå freeski-gruppa) Bla med pilene.

Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski
Foto: Surnadal IL-freeski

Resultat og sponsorar

Resultat
Resultat
Sponsorar
Sponsorar
Powered by Labrador CMS