Solvår Halset (f.v.) og Liv Røkkum Grimsmo fra Trollheimen ride og kjørelag sammen med Ove Gøran Holten, Helge Nilsen Wesche, Iver Magne Nes, Ove Øye og Jon Magne Sæter (på traktoren) fra Eiksenteret Midt-Norge avdeling Surnadal.

Ny traktor i Trollheimshallen: – Julenissen kom tidleg i år

Med Eiksenteret Midt-Norge avdeling Surnadal på laget, har Trollheimen ride og kjørelag gått til innkjøp av ny traktor. – Det er artig å kunne vere med litt på dugnaden, seier Eiksenteret-sjef Jon Magne Sæter.

Publisert Sist oppdatert

Med 148 medlemmar i ride- og kjørelaget, og om lag 50 personar og hestar som brukar Trollheimshallen på Nymoen fast i løpet av året, ligg det mange dugnadstimar i botnen for å halde anlegget i god stand.

I ridehallen tilbyr dei trening i både sprang, dressur og køyring, i tillegg til at dei leiger ut – mellom anna til Surnadal og Rindal Hundeklubb og Indre Nordmør Fjordhestlag.

Tysdag kveld vart det nyaste tilskotet til Trollheimen ride og kjørelag, traktoren «Jon Magne», offisielt avduka. Sjølve avdukinga var det mannen Massey Ferguson-traktoren er kalla opp etter, Jon Magne Sæter, som stod for. Namnet kom som ei stor overrasking på han.

– Vi fann ut at det er betre å be om tilgjeving enn tillating, smiler leiar Gro G. Løfaldli i Trollheimen ride og kjørelag.

Her har Jon Magne Sæter (t.v.) og dei andre representantane for Eiksenteret Midt-Norge, til si store glede og overrasking, nettopp oppdaga at traktoren har fått namnet "Jon Magne".

– Det er vel slik at namnet skjemmer ingen, svarar Sæter med glimt i auget.

Ei ny verd

Vidar Ulvestad og Trond Løfaldli, som står for ein stor del av denne delen av vedlikehaldsdugnaden, har allereie omtala det nye vidunderet som «Ei ny verd», ifølgje Løfaldli.

Ho fortel at det har vore eit nærast skrikande behov for ein ny traktor til anlegget, og at

– Det var verkeleg på tide med ein traktor, og vi er veldig fornøgde med å ha fått kjøpt inn ein slik. Arbeidet vi er avhengige av å gjere har vorte for tungt for ATV’en vår frå 2012. Den nye traktoren vil hjelpe oss veldig mykje med å halde både bana og resten av anlegget ved like, seier ho, og rettar ei stor takk til Eiksenteret:

– Vi trudde vi kom til å måtte spare i 17 år, men det gjekk mykje fortare, gitt. Eiksenteret har vore veldig gavmilde, og for oss er dette julenissen som kom tidleg i år.

Eiksenteret har, i skrivande stund, 20 tilsette pluss ein lærling, og dei har allereie gjort avtale om å ta inn to lærlingar neste år. Bedrifta har vore ein viktig støttespelar for Trollheimen ride og kjørelag lenge, fortel Løfaldli.

Gro G. Løfaldli, leiar i Trollheimen ride og kjørelag.

– Dei var viktige då vi arrangerte NM i køyring i 2017. Då lånte vi mykje nødvendig utstyr av dei, og vi hadde ikkje klart å arrangere det utan. For ein klubb som vår, er det heilt avgjerande å ha med slike støttespelarar, seier ho.

Rosar akvititeten

Og Jon Magne Sæter fortel at det er ei stor glede å kunne bidra.

– Det er artig å kunne tilby slik hjelp, og vi såg dette som ei fin moglegheit til å få ut ein Massey Ferguson i ridehallen, seier han, og medan han ikkje vil ut med kor mykje subsidiering eller støtte som ligg i prisen ride og kjørelaget har fått, seier han, med eit smil:

– Vi har vel vore med litt på dugnad, kan ein seie, og gjeve ein god pris. Har vi ikkje det, Helge?

Sæter vender seg til Eiksenteret-seljar Helge Nilsen Wesche, som humrande svarar:

– Ja, det må eg verkeleg seie. Det er ikkje ofte seljaren vert skuldig pengar.

Nilsen Wesche fortsett:

– Men det går til ei god sak. Det er kjempebra at det er så mykje aktivitet i hallen her, det er god reklame både for bygda og omlandet

Powered by Labrador CMS