Spente førsteklassingar ved Bøfjorden og Bæverfjord Oppvekstsenter. Frå venstre: Alva Hoås Aarnes, Mia Grimstad Bøklepp, Marianne Svensli, Ingeborg Baatvik og Tuva Haarstad.

Endeleg skulestart

Måndag var det klart for første skuledag ved grunnskulane i Surnadal.

Mange av førsteklassingane hadde talt ned dagane til dei endeleg fekk starte på skulen, for skulestart er ein ekstra spennande dag - både for små og store.

Ved Bøfjorden og Bæverfjord Oppvekstsenter vart dei fem jentene i første klasse, Alva Hoås Aarnes, Mia Grimstad Bøklepp, Marianne Svensli, Ingeborg Baatvik og Tuva Haarstad, ønska velkomen til aller første skuledag.

Både einingsleiar Arne Henning Johnsen, ordførar Margrethe Svinvik og lærarane Inger Fjærli og Irmelin Sande Holtan var på plass for å gje dei fem ein god start på den nye kvardagen som førsteklassingar.

Fjærli vert kontaktlærar for 1. og 2. klassingane, som til saman er 12 elevar og deler klasserom. Holtan skal vere med tre dagar for veka.

Første- og andreklassingane vert ønska velkomen av kontaktlærar Inger Fjærli (f.h.), ordførar Margrethe Svinvik og lærar Irmelin Sande Holtan.

Glade for å vere tilbake til "normalen"

Einingsleiar Johnsen er glad for at koronapandemien no ikkje lenger sett dei same avgrensingane som tidlegare.

– Sjølv om reglane om å ikkje handhelse eller klemme framleis gjeld, har vi no normale klassar. Vi har rett nok ikkje hatt like store utfordringar og tiltak knytt til koronaen her, som til dømes ved Surnadal Barne- og ungdomsskule, seier han, og legg til:

– Likevel er det litt godt å kome tilbake til noko som bortimot er normalen. No håpar vi at vi kan halde oss på grønt nivå, seier han.

Inne i klasserommet var det god stemning blant elevane i første- og andre klasse, og elevane følgde nøye med då Inger Fjærli introduserte dei til skulegangen ved å understreke at det aller viktigaste ein skal lære, er å vere snille med kvarandre.

Ordførar Margrethe Svinvik sa og nokre velvalte ord, og mellom anna førte eit spørsmål ho stilte dei fem førsteklassingane til ein munter passiar:

– Kven trur de er dei viktigaste personane vi har her?

– Arne Henning og læraren, kom det kontant frå ein av førsteklassingane.

– 10 poeng til deg, gliste einingsleiar Arne Henning Johnsen, før Svinvik smilande følgde opp:

– Ja, dei er viktige, dei og. Men eg tenkte på dykk, som no startar på skulen.

Førsteklassingane i full gang med å fargelegge ei stjerne med favorittfarga si. Spente foreldre i bakgrunnen, og kontaktlærar Inger Fjærli og ordførar Margrethe Svinvik til høgre.

Første dag for Todalen og Stangvik Oppvekstsenter

Også ved det som no heiter Todalen og Stangvik Oppvekstsenter - delt i Todalen og Stangvik skule og Todalen og Stangvik barnehage - var det første skuledag måndag.

For dei er det ein historisk dag, ettersom nedlegginga av Todalen skule gjer at elevar som tidlegare sokna dit, no er elevar ved Todalen og Stangvik skule.

Einingsleiar Gro Kvammen Sæter fortel at det no er totalt 78 elevar ved skulen og 32 i barnehagen. Ved barnehagen kjem det inn minst tre-fire til i løpet av året, slik at ein avsluttar våren med 35-40 barnehageungar.

Skuleåret 2021/22 er det ei femdeling ved Todalen og Stangvik Oppvekstsenter:

1./2. trinn (til saman 15 elevar, 7+8)
3. trinn (14 elevar)
4. trinn (12 elevar)
5./6. trinn (21 elevar, 10+11)
7. trinn (16 elevar)

Inne i klasserommet var det ein engasjert gjeng førsteklassingar, som tok alle utfordringar frå både lærarane og ordførar Svinvik på strak arm.

Dei stemte alle i då det var klart for sang om planetane i solsystemet vårt, og svara ivrig på alt frå kva dyr dei har heime til kor gamle dei er.

Entusiasmen frå dei sju førsteklassingane, Ingrid, Emil, John Ola, Ine, Oda, Andrea og Anniken, gjorde for øvrig at ein og trygt kan konkludere med at førsteklassingar flest likar både sykling og bading. Og is, sjølvsagt!

Lykke til med skulegangen!

Seks av dei sju førsteklassingane ved Todalen og Stangvik skule.
Powered by Labrador CMS