«Fjurulangs» i Bøfjorden:

Variert: Styremedlemmer i Bøfjorden Historielag klare til ny sesong. Sommaren byr på stoff om båtar og sjøfolk (Tore Sannes, t.v.), kaffeservering – om enn ikkje av storkjelen frå DS «Bøfjord» (Gunnhild Vetleseter Bøe) og meir landleg kultur (Kirsten Baadnæs Bøe)

Sesongstart på sjøbruksmuseet

Bøfjorden Sjøbruksmuseum startar sesongen søndag 18. juli. Dagens tema er biletkåseriet «Fjurulangs».

Publisert
Plakat

I foto og forteljing går kåseriet frå Saksen og Kalsetlandet rundt Bøfjorden og endar opp ved det gamle knutepunktet Båtvika. Arrangøren lovar møte med spennande menneske, dramatiske hendingar og talande terrengnamn langs stranda.

Her i fjøresteinane vart det bygd havgåande skip og skuter. Her forliste stolte «Statsraad Riddervold». Fram stig slekter og geni, arbeidsfolk og TV-stjerner som stammar frå små strandstuer langs ruta.

Dramatisk: Rutebåten «Statsraad Riddervold» forliste i Bøfjorden i mars 1944.
Skrøvsetholmen: Attmed nothenga møttest ungdommen i gamle dagar – gjerne med grammfonmusikk. Frå venstre Gyda Settem (Stolsmo), Nancy Settem (Bøe) og Sigrun Sættem (Wolden).

Vi hører fakta og folkedikting om biskopar og trollkjerringar, bjønn og operastjerner, kjeltringar og trauste slitarar. Kvifor namn som Bruraskaret, Slufshammaren, Smørbekken og Jutulsteinen? Kvar finn ein gravhaugar frå bronsealderen?

Mannbjønnberget: Her hoppa gjetarjenta i sjøen for å koma unna bamsen. Biletet er frå ein skuletur i 2009.

Historielaget jobbar med eit hefte - ein fjordguide - der ikkje minst båtfolk kan finne tips til refleksjon og ny oppleving av landskapet dei susar forbi om dagen.

Museet er ope heile ettermiddagen - med tilrettelegging etter gjeldande smittvernomsyn, seier styret i Bøfjorden Historielag, som fram til september byr på søndagsope museum.

Skrøvsetvika: Knutepunkt med handel, dampskipsanløp, buss og post. Innfelt: Siste dag på Orsetbua – 1973. Hermann Bekken (frå v.), Valborg Orset, Anton Orset og Karen Orset.
Powered by Labrador CMS