Bøfjorden Sjøbruksmuseum:

Sildball er furkunnmat!

Balldag med taffelmusikk

Balldagen komande søndag avrundar sommarsesongen på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Gruppa Hjemmelaget sørgjer for taffelmusikk av beste merke.

Kjøkenet serverer sildball-middag: Ekte nordmørsk mattradisjon pregar dagen - i år som før.

Avslutninga betyr også trekning av sommarens utlodning. Eit flott måleri (Astrid Megard Sollid) og mange andre gevinstar får nye eigarar denne dagen. Bøfjorden Historielag lever av lodd- og kaffesalg og minner om at publikum fram til søndag kan kjøpe nummer via vipps (568 599) - gjerne med namn på sms attåt.

Peder Hønsvik (trekkspel) og gruppa Hjemmelaget (keyboard, gitar, bass, trommer) lovar slagermusikk og evergreens frå klokka 14. Dei er fast ensemble på museets balldagar. Og som Peder seier: - Lyst på sildball er opptakskrav i orkesteret!

Som tema vil Bernt Bøe presentere den no komplette serien med bøker om kyrkjer og kyrkjeliv i Surnadal. Den omtalar fortid og notid i Mo, Ranes, Øye, Todalen, Åsskard og Stangvik sokn. Bøkene blir å få kjøpt.

Dagen avsluttar historielagets 29. sommarsesong sia starten i 1995.

ANNONSE:

Powered by Labrador CMS