ANNONSE:

Naturforskar Nils Røv frå Surnadal

Sal og signering av boka "Med urfolk i Sibir" på kulturhuset

Naturforskar Nils Røv frå Surnadal har no gjeve ut ei unik bok om evenkane. Dette er eit av dei siste urfolka i verda.

I 1998 og i 2000/2001 (overvintring) budde Nils i lag med dei og fekk eit eineståande innblikk i levemåten til dette hardføre folket i Aust-Sibir/Transbaikal. Levande skildringar om livet i den endelause og storslegne villmarka. Naturbruk med stor bærekraft kjenneteiknar evenkane, med reinen som hovudressurs.

Nils Røv sel boka, og signerer for den som ønsker det, på Kulturhuset i Surnadal laurdag 11. des mellom kl 12.30 og 16.00. Boka kan tingast ved å sende epost til: nils.rov@curaweb.no for 250 kr + frakt.

Drag row
Powered by Labrador CMS