Gudsteneste i kononatid

Øvre Rindal kapell
Øvre Rindal kapell

«Vær sterk, min sjel, i denne tid»

Dette var ei sentral salme under gudstenesta i Øvre Rindal kapell denne søndagen, og vi har fått lov å dele preika til sokneprest Lene Gåsvatn.

Tankane våre går lett mot koronapandemien og den nye kvardagen vi lever i.

- Jesus fokuserer på oppgjeret, at me skal svare for både gjort og ugjort. Kjem me til kort, er det endå godt Han ikkje gjer det, seier sokneprest Lene Gåsvatn.

Det er siste sundag i kyrkjeåret, og dagen blir kalla både Domssundag og Kristi kongedag.

Preiketeksta står i Matteus 25,31-46:

31 Men når Menneskesønnen kommer i sin herlighet, og alle englene med ham, da skal han sitte på sin trone i herlighet, 32 og alle folkeslag skal samles foran ham. Han skal skille dem fra hverandre, som en gjeter skiller sauene fra geitene, 33 og stille sauene på sin høyre side og geitene på sin venstre.
34
Så skal kongen si til dem på sin høyre side: 'Kom hit, dere som er velsignet av min Far, og ta i arv det riket som er gjort i stand for dere fra verdens grunnvoll ble lagt.
35 For jeg var sulten, og dere ga meg mat; jeg var tørst, og dere ga meg drikke; jeg var fremmed, og dere tok imot meg; 36 jeg var naken, og dere kledde meg; jeg var syk, og dere så til meg; jeg var i fengsel, og dere besøkte meg.' 37 Da skal de rettferdige svare: 'Herre, når så vi deg sulten og ga deg mat, eller tørst og ga deg drikke? 38 Når så vi deg fremmed og tok imot deg, eller naken og kledde deg? 39 Når så vi deg syk eller i fengsel og kom til deg?' 40 Og kongen skal svare dem: 'Sannelig, jeg sier dere: Det dere gjorde mot én av disse mine minste søsken, har dere gjort mot meg.'
41
Så skal han si til dem på venstre side: 'Gå bort fra meg, dere som er forbannet, til den evige ild som er gjort i stand for djevelen og englene hans.
42 For jeg var sulten, og dere ga meg ikke mat; jeg var tørst, og dere ga meg ikke drikke; 43 jeg var fremmed, og dere tok ikke imot meg; jeg var naken, og dere kledde meg ikke; jeg var syk og i fengsel, og dere så ikke til meg.' 44 Da skal de svare: 'Herre, når så vi deg sulten eller tørst eller fremmed eller naken eller syk eller i fengsel uten å komme deg til hjelp?' 45 Da skal han svare dem: 'Sannelig, jeg sier dere: Det dere ikke gjorde mot én av disse minste, har dere heller ikke gjort mot meg.' 46 Og disse skal gå bort til evig straff, men de rettferdige til evig liv.»

Preika

Noko av det verste me kan utsetjast for, er falske anklagar. Dei som har rot i verkelegheita, går det an å gjera noko med. Men dei falske er det verre med. Dei kan liggja der og gnage, gjera vondt og tappe oss for både frimot og krefter.

Det er noko anna med anklagene og skuldingane som er sanne. Dei det er hald i. Dei som ikkje går ut på dato, men i høgste grad angår oss no òg, slik dei angjekk folk i Jesu samtid: Mangelen på evne og vilje til å vise omsorg i praksis til dei som treng oss.

Det vera seg dei som svelt – det er millionar av dei rundt i verda. Visst er det stort nok apparat til å hjelpe, berre dei får midlar til å kjøpe mat for til alle svoltne. Har me ikkje meir å gje? Det er oss det står på. Også når det er spørsmål om drikke, - eller noko så praktisk som brønnar med reint vatn i staden for farleg og forureina vatn. Også når det er spørsmål om helsestell og klede: Det er pengane det står på. Våre pengar, - eller rettare sagt pengane me forvaltar. Skal det bli meir til dei som har større behov enn oss, så blir det mindre på oss sjølve. Slik er det berre. Framande som treng fellesskap? Visst er det nok av dei òg, - også her i Rindal.

Endå til dreg Jesus fram omsorgen for dei som sit i fengsel, - dei som er dømt og som ikkje treng omsorgen mindre enn anna folk.

Og så er det folk – eller våre – handlingar mot desse Jesus kallar mine minste syskjen som skal telle når me skal dømmast. Gjorde me – eller unlot me å gjera? Gjorde me godt – eller lot me vera å gjera godt?

Ansvaret ligg på oss. Det er så me kjenner ubehaget, - eit ubehag og eit ansvar det ikkje er enkelt å berre riste av seg. Ansvaret er reelt. Dommen er rettferdig. Rettsgrunnlaget er sant. Det er som det skal vera. Når Jesus dømmer, er det ingen anklagar som er falske.

Me står ved slutten av kyrkjeåret, slutten av året som vart så rart. Slutten av året som tok ifrå oss så mykje av det beste:

Tryggheit og fellesskap. Det siste som vart bestemt, er at me korkje får lov til å ofre på altaret eller feire nattverd på gudstenestane lengre. Og me får ikkje lov til å vera meir enn femti. Skal me ta hensyn og ta ansvar, så held me avstand.

Men dei fattige og einsame, sjuke og fengsla, framande og tørste har me alltid hjå oss, uavhengig av corona og det som verre er. Dei som høyrer Jesus til og er syskjena hans.

Det kan vera det er fleire enn meg som er tom og sliten for tida. Det kan vera det er fleire av oss som kjenner på at me òg er små, me òg er fattige og einsame, sjuke og i eit eller anna slags fengsel, framande mellom kjente og tørste på alt som kan lindre. Det kan vera det er fleire av oss som veit at me er små, som veit at me treng omsorg.

Jesus får vèl dømme oss som han dømmer alle andre. Faktisk skal han dømme alle folkeslag. Det får stå til. Dommen blir sikkert både sann og rettferdig. Og me som veit korleis ting vart, me veit noko om korleis det gjekk i den dommen Jesus talar om: Han vart visst sona. Og me vart forsona med Gud då han sjølv døydde for oss på korset. Det fanst ikkje rettferdig, men var visst fullt av kjærleik og offervilje.

Og enn så lenge er det godt at det er plass til oss mellom dei Jesus kallar for desse mine små syskjen, - Jesu småsyskjen. Så får Jesus vera storebror vår som tek seg av både oss og alt me treng av trøyst og omsorg.

Me må gjerne ha i mente kven han er: Han er dommaren vår, som skal lesa sin dom over både synd og forsømmelse. Me skal prøvast på kva omsorg me hadde og ikkje hadde for desse Jesu små syskjen.

Like fullt er han sonaren vår som tek seg av alt vårt både av synd og forsømmelse.

Me har synda og me har forsømt, og dette er vårt ansvar som me ikkje kan leva under. Han tek seg av det – som han tek seg av alle sine små syskjen, uansett korleis me måtte ha det.

Og enn så lenge, enn så lenge vik me ikkje unna ansvaret vårt. Det er vårt, og så lenge det går pust igjennom nasen vår så skal me arbeide for å gjera verda betre for – ikkje berre oss sjølve og våre, men for alle. Du verden for eit kall, for eit stor oppgåve, for eit meiningsfylt liv me har fått!

No skal me synge ein av dei finaste salmane som er laga, ei perle av Svein Ellingsen: Vær sterk, min sjel i denne tid. Og me må gjerne lata siste lina synge i oss inn i livet som ligg føre oss: Se, du er fri og lever i Guds løfterike fremtid.

Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal èin sann Gud frå æve og til æve.

Vær sterk min sjel, i denne tid

Vær sterk, min sjel, i denne tid når du har tungt å bære.
Hold ut i prøvens stund og lid de døgn du går i lære.
En dag til slutt blir mørket brutt av lyset fra Guds fremtid.

Gi håpet rom i denne tid, hvor langt du enn er nede.
Hos dem som taper i sin strid er Herren skjult til stede.
Ved Kristi verk skal du bli sterk og hvile i Guds fremtid.

Se, mørket blir din modningstid! Hold ut til natten vender!
Se bort fra angst og indre splid, du er i gode hender!
Se, du er fri og lever i Guds løfterike fremtid.

Svein Ellingsen

Neste gudsteneste blir i Rindal kirke 1. søndag i advent, 29. november kl.11.00.