Tre smilende damer som er oppstilt for fotografering. To av dem har Røde Kors-vest på seg.
Margit Stenberg, Martha Torvik og Elin B. Kvande inviterer til julefeiring på Hammerstuene.

Inviterer til julefeiring på Hammerstuene

Omsorgsgruppa i Surnadal Røde kors, i samarbeid med Hammerstuene og Martha Torvik, inviterer i år til lågterskeljulefeiring for alle, både einslege og familiar, på Hammerstuene på ettermiddagen onsdag 24. desember.

Publisert Sist oppdatert

Her blir det servert Ribbe, pinnekjøtt, riskrem, karamellpudding og kaffe. Det blir også sosialt samvær med julemusikk og song.

– Vi håper at mange har lyst til å vere med oss på julefeiringa og melder seg på, seier leiar i Omsorgsgruppa i Surnadal Røde kors, Elin B. Kvande.

–  Vi trur dette blir veldig bra og ei triveleg julefeiring, legg ho til.

Omsorgsgruppa trur det er eit behov for ei slik feiring også i Surnadal, så dei har lyst til å prøve det, for å sjå om dette stemmer? Dei tok difor kontakt med Martha Torvik ved Hammerstuene for å høyre om dei kunne stille med lokale og lage julemat.

–  Martha er alltid positiv, og tente på ideen med ein gong, seier Elin. 

–  Eg tykte dette var ein god ide og noko eg hadde lyst til å vere med å bidra til, fortel Martha.

–  Vi skal lage tradisjonell julemat med dessert, pynte og sørge for at det blir skikkeleg god julestemning, lovar Martha 

For å få oversikt over kor mange som har lyst til å vere med på å julefeiringa på Hammerstuene, ber Omsorgsgruppa om at dei som vil vere med på feiringa melder seg på til Elsa Kvande eller Elin B. Kvande innan 1. desember.

Sjølv om det er god tid til påmeldingsfristen går ut, så oppfordrar dei to damene alle som har lyst til å vere med, om å melde seg på så fort som mogleg!

–  Så da blir vår klare oppfordring, at alle som har lyst til å vere med på ei lågterskeljulefeiring på Hammerstuene julekvelden, melder seg på!, avsluttar Margit Stenberg i Omsorgsgruppa i Surnadal Røde kors.

ANNONSE:

Lågterskeljulefeiring for alle, både einslege og familiar, på Hammerstuene onsdag 24. desember klokka 13:00 – 15:00.

Påmelding til Elsa Kvande på telefon 909 40 755 eller Elin B. Kvande på telefon 980 21 255, innan 1. desember.

Powered by Labrador CMS