Då Jesus nærma seg Jeriko, sat det ein blind mann ved vegen og tigga. Mannen høyrde at det var mykje folk på vegen, og spurde kva som stod på. Dei svara: «Det er Jesus frå Nasaret som kjem forbi.»
Då ropa han: «Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg!»
Dei som gjekk føre, tala hardt til han og bad han teia, men han ropa berre endå høgare: «Du Davids son, miskunna deg over meg!»
Jesus stansa og bad dei leia den blinde til han. Og då han kom nærare, spurde Jesus han: «Kva vil du eg skal gjera for deg?»
«Herre, lat meg få synet att!» svara han.
Jesus sa til han: «Du skal bli sjåande! Trua di har frelst deg.»
Straks kunne han sjå, og han gav seg i følgje med Jesus og lova Gud. Og alt folket som såg det, prisa Gud.
Slik lyder det heilage evangeliet.
Høyrde me kva den blinde tiggaren i vegkanten ved Jeriko ropte? Han ropte etter Jesus at han skulle miskunne seg over han. Herre, miskunne deg. Det var det denne mannen ropte.
Akkurat som me syng i gudstenestane våre på språket dette vart skrive ned på: Kyrie eleison. Så veit me altså at det greske kyrie eleison og vårt Herre miskunne deg er akkurat det same.
Kva ber me om når me ber om miskunn?
Den blinde tiggaren får fortelja sjølv kva han legg i orda sine. Jesus møter han med eit spørsmål om kva han ville at Jesus skulle gjera for han. Altså: Han får sjølv fortelja kva han treng mest hjelp med.
Og når du er blind og ikkje har anna å leva av enn kva folk vil gje deg der du sit og tigg, er det vel meir eller mindre sjølvsagt at det er synet ein vil ha hjelp med.
Det er slik for folk som ikkje kan sjå, at dei blir desto meir vàr for lydar. Dei blir lydhør. Dei har lange antenner og oppfattar svært mykje av det me andre ikkje får med oss. Så også for den blinde tiggaren ved Jeriko:
Han høyrer det er mykje folk, han får vita at det er Jesus som kjem forbi, og han nektar å gje seg sjølv om folk rundt vil hysje på han og få han til å roe seg ned. Han er trossin` og ropar heller berre endå høgare: Herre miskunne deg over meg. Kyrie eleison.
Den gongen var det folk som ville ha den blinde tiggaren til å dempe seg. Akkurat dèt trur eg ikkje er hovedutfordringa kva angår oss som er samla i kyrkja i dag.
Her er ingen som ber så høgt at det er til sjenanse eller til mat for folkesnakk. Her er ingen som ropar etter Jesus.
Og så er det noko med dette at me som er her i dag nok veit svært godt at det er langt fleire som ropar, eller helst kviskrar, sine Kyrie eleison, Herre forbarme deg, enn kva som skjer innanfor desse fire veggjene i dette som er Guds hus hjå oss.
Det er langt fleire som ber åleine enn i lag med folk. Det er langt fleire som søkejer hjelp hjå Jesus enn dei me ser og veit om.
Men Jesus veit det. For er det nokon som er sensitiv for våre bøner, så er det han. Er det nokon som får med seg kven som treng hjelp, så er det han.
Sjølv syns eg det kunne vore godt å vera fleire i lag om dette, og at det skjer oftare enn når kyrkja er full for dei store gravferdene, dei store konsertane og dei store gudstenestene.
Det kunne vore så godt om fleire såg nytta i dette å samlast om salmesong og bøn, Guds ord og deling av sakramenta – deling av dette som i største grad er med å gje oss ny energi og ny miskunn.
Endå til ber me jo for alle dåpsbarn at dei må finne sin heim i Guds kyrkje på jorda.
Enn det: Me har ein heim her i menigheita, her i kyrkja. Me høyrer til i ein samanheng som Jesus har lova at aldri skal koma bort, ein heim med ny energi gjennom å høyre og ta til seg ord me treng for å leva.
Skal me ta med oss noko heim, eller som ein skatt i hjartet, etter denne gudstenesta, kan det vera spørsmålet Jesus stiller til den blinde og hjelpeslause tiggaren: Kva vil du eg skal gjera for deg?
Det skulle ikkje forundre meg om det ikkje er fleire av oss som har sitt å dragast med som det kan vera godt – eller strengt tatt nødvendig – å få hjelp med.
Om me ikkje klarer å ramse opp syndene me har gjort, kan me i det minste klare å leggja dei i same korga og seia at me kjenner til noko av det.
Så får Jesus ta seg av både det me veit om og det me ikkje kjenner til. Han skulle greie ut med det.
Men slik verda er no og slik me har det, er det gjerne meir me treng Jesu miskunn over:
Det kan vera bekymring for oss sjølve og dei me er som mest glade i. Det kan vera bekymring for den såkalla verdenssituasjonen.
Det kan vera angst i møte med skule eller arbeidsplass, banken eller bygdedyr.
Dette å vera menneske, om me er små eller store, har aldri vore enkelt. Og er det nokon som veit meir om dette enn dei fleste, så er det han som stansar opp og høyrer etter når me ber om hjelp.
Ikkje treng me seia Kyrie eleison, og ikkje treng me seia miskunne deg over meg heller. Men noko skjer både med Jesus og med oss der me møter kvarandre i dette store som er heilagt øyeblikk – eller heilagt liv i denne store Guds kjærleik til oss som er større enn alt me forstår.
Legg me ifrå oss innhaldet i denne korga, eller ryggsekken, me har det med å bale med, blir det altids råd for at Jesus kan fylle opp att med noko nytt, noko som gjer livet verd å leva og som gjev oss håp og livsmot frå ein annan verden.
Denne andre verden har vorte Elli sin i dag. Og den er vår. Takket være at Jesus er spørjande til kva han kan gjera for oss. Takket være at Jesus kan vise oss miskunn – all den miskunn me i vår djupaste tilvære treng for å leva.
Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var, er og vera skal èin sann Gud frå æve og til æve.
Amen