Utøvere på seierspall under vinterlig premieseremoni med fjell i bakgrunnen.
Premieseremoni – To spanjolar, to italienarar og ei frå USA tok dei fem første plassane i klassen U 18 kvinner

Individuell avslutta ein flott World Cup i Surnadal

Søndagens individuell på Vang skiarena avslutta ein flott Youth World Cup i Randonee i regi av Trollheimen Fjellsportklubb.

Publisert

Søndag arrangerte Trollheimen Fjellsportklubb, i samarbeid med Todalen Idrettslag, siste konkurranse i Youth World Cup (YWC) i randonee på Vang skiarena. Bra med folk både nede på stadion og oppover langs løypa i Strengentraseen, med litt overskya men fint vintervêr.

Topografisk kart med merkede ruter og kontrollpunkter i fjellområde ved Strengen
Løypekart – Kart over dagens løype i Strengentraseen.

Litt svakare resultat enn i går 

Med gull til Aron Rodal Haugen og bronse til Isak laurdagens vertikal, så vart det plasseringar litt lenger nede på resultatlista søndag i den raske løypa i Strengentraseen. 

Aron vart beste norske i sin klasse med 9. plass, med Isak hakk i hel på ein 10. plass, noko som er gode resultat i ein knallhard klasse der dei to er av dei yngste.

Gruppe langrennsløpere på bred, preparert snøflate ved skog i solskinn
Starten går i klassen U 20 menn med Aron og Isak i feltet.

- Klart dette var litt skuffande, men med laurdagens gull, så må eg likevel seie med ganske godt nøgd med YWC i Surnadal, sa Aron. 

– Neste konkurranse blir i Frankrike, la han til.

Komplett resultatliste frå søndagens individuell finn du her.

Bakels med graut for første gong 

Todalen Idrettslag sto for matsalet under YWC denne søndagen. Her var det bakels med graut, pølser med brød, brus, kakao og litt til.

Rashelle frå USA, som hadde dotra si med i klassen U 18 kvinner, prøvde bakels med graut for første gong.

Person i skiantrekk holder mat i hånden på snødekt slette ved skog
Bakels med graut for første gong, og det var verkeleg godt!

- Det var heilt fantastisk! Verkeleg godt, sa Rashelle. 

– Dette er min første tur til Norge, og etter å ha vore her i ti dagar, så er eg verkeleg imponert over landet og folket her, la ho til. 

Stilfull premieseremoni

Etter at alle var komne i mål var det tid for premieseremoni. Tre bunadskledde damer stod for premieutdelinga, noko som gjorde premieutdelinga stilfull og høgtideleg. Vinnarane i dei fire klassane fekk også nasjonalsongen sin spelt, noko som sette ein ekstra spiss på seremonien.

Tre bunadkledde kvinner står på snø foran premiepall og telt i fjellandskap
Tre bunadskledde damer sto for premieutdelinga.

Vellykka og flott YWC i Surnadal 

Dei tre konkurransedagane i YWC i Surnadal har vore ein stor suksess, og med godt vêr og mykje publikum har dette vore ein kjempe suksess for arrangørklubben, Trollheimen Fjellsportklubb.

- Eg er så glad for at dette vart ein stor suksess, både vêr- og publikumsmessig sa ein glad leiar i Trollheimen Fjellsportklubb, Mette Sæter Ormset.

Tre personer får premier foran seierspall på snø med fjell bak
Mette og Halvor fekk velfortent skryt frå teknisk delegert Gaby frå ISMF

Arrangementsansvarlege Halvor Drøpping og Mette Sæter Ormset fekk skryt for arrangementet av teknisk delegert i ISFM Gaby. 

Da blir store spørsmålet om det blir YWC i Surnadal neste år også, men det får vi nok ikkje svaret på før etter evalueringsmøtet!

Powered by Labrador CMS