Picasa

Vandring mellom husmannstufter, feriehus og kornåkrar

Rundt 30 stykke møtte opp for å bli betre kjent på Aunegardane i Rindal søndag ettermiddag. Rindal Heimbygdlag hadde engasjert Jon Kristian Aune Ola Aune og Fredrik Løset som guidar.

Aunegardane (bildet over) ligg ved Surna mellom Bølu og kommunegrensa og var opphaveleg 4 bruk, Austigard, Utigard, Oppigard og Bakkainn. Etter kvart kom det fleire bruk og husmannsplassar som vart eigne bruk.

Jon Kristian Aune_690x460.jpg
No er det berre 4 gardsbruk att, fortel Jon Kristian Aune, lokalguiden vår, som tykkjer talet på bruk minkar for fort.

Først på 1900-talet minka det sterkt med folk på husmannsplassane i grenda. Der bars til Amerika med mange.

IMGP5282_690x457.jpg
Plassen lengst aust i Aungrenda heitte Grinda, og der var det grind mot utmarka. Jorda der hører no til Sølvsmedøyan. Garden Bjorøya er av nyare dato.

For 200 år sidan var det sagbruk med vatn frå Bølu med dam ved Dambakken ved Sølvsmedøyan. Vatnet vart leda dit frå Bølu. Det var ikkje mykje fall til det sagbruket, men dei fekk vel tak i nok vatn.

Fleire plassar hørte til Faggen, eit jordstykke som hørte til Mokjerka. Namnet Faggen kjem visst av ferje, og det var ferje over elva der. Vi har også Faggstadbakken og Faggøya der.

Vi fekk også høre at ei leikarstøggu i eit lite skogholt vart ombygd under krigen. Det vart sett opp dobbelt vegg som gjømte eit radioapparat. Støggu vart visst seinare kalla «London». Den er borte no.

IMGP5293_690x459.jpg
Vi gjekk opp på Aunholten, som var husmannsplass under Aunebakk. Flytting av hus var normalt i gamle dagar, og husa på Aunholten stod først på Brennholten litt lengre vest. Om eit anna hus som vart flytta under krigen, var det ein som sa at han fekk med seg fleire mark enn Hitler hadde soldatar.

IMGP5292_690x1034.jpg
Der møtte vi Eirik Martinsen (over) som nettopp har kjøpt husa på Holten som feriebustad. På sikt trur han at det kanskje blir fast bustad for han. Han har jakta i området i 20 år og har sitte på post oppe i Duvåsen, sett utover grenda og ønska seg ein slik plass. No er oppussinga av huset i full gang, og vi håper han kjenner seg velkommen.

Vandrarane fekk søke ly for ei regnskur på låven hos den nye høttrindalingen. Der fortalte Fredrik Løset om geologien her i dalbotnen.

- For rundt 10 000 år sidan ville det stått 70 meter vatn over oss, sa Løset. Det var lortvatn frå isbreen. Vi fekk avsetning i botnen som vi kjenner som leire. Isen smelta og landet steig. Elvane grov og førte massane nedover dalen. Av terrassane i dalen ser vi at dette skjedde i fleire omgangar, og elvane Rinna, Surna og Bølu har gjennom årtusena ført mykje sand og jord nedover dalen til Surndalsfjorden.

IMGP5294_690x331.jpg
Det er vide kornåkrar i Aungrenda.

IMGP5298_690x457.jpg
Etter å ha passert Aunbakken, tok flokken matpause i tunet til Ola Aune. 

Rodestein IMGP5295_690x1034.jpg
Mellom gardane der står denne gamle rodesteinen.

Ei kraftig regnskur gjorde at flokken som drog vidare til Surnadalsgrensa minka. Der vart det orientert om husmannsplassar rundt Utistua. Ein av dei var Aunet mellom vegen og elva straks aust for Utistua. Etter at den var fråflytta og før husa vart revne, heldt Aune Ornitologiske stasjon til der med Ålbubrørne, Hans Olsvik og Lars Løfaldli. 

Tid til å leve IMGP5299_690x1042.jpg
Aungrenda hørte til Mo sokn før Rindal vart eigen kommune. Ein i følgjet antyda at ein kanskje kunne flytte «Tid til å leve»-steinen til Bølu i samband med kommunereguleringa.