Spa Saloon "Candy"
Svetlana frå Ukraina har opna massasjesalong på Skei
Svetlana kom til Surnadal for ett og eit halvt år sidan. No har ho forelska seg i Noreg, og i sommar opna ho eigen massasjesalong på Landbrukshuset på Skei.
Reisa til Noreg
Sommaren 2022 kom Svetlana til Surnadal saman med sonen sin som no er seks år. Han er ein av Svetlana sine fem barn. Til å byrje med var ho einsam, hadde ingen vener og snakka ikkje noko norsk. Alt føltes nytt og uvant, og ho måtte venje seg til norsk mat, klima, lover og mykje meir.
Dei forlot Ukraina ein månad etter krigen starta. Fram til da hadde dei gøymd seg i kjellaren kvar dag medan dei høyrde dei forferdelege lydane av sirenar. Av hensyn til sonen valde ho å evakuere. - Det var vanskeleg å forlate heimen vår og alt som var kjend, utan å vite noko om korleis det skulle bli og når vi kunne kome heim igjen, seier Svetlana.
Svetlana og sonen hennar reiste med buss gjennom Polen og Sverige og vidare på ferge over Østersjøen. Ho beskriv det som eit slitsamt, men spennande eventyr.
–Vi møtte mange menneske som var utruleg hjelpsam og viste stor sympati. Denne krafta av menneskeleg medkjensle får meg til å gråte, seier Svetlana.
Ho beskriv krigen som ein forferdeleg sorg og eit sjokk.
Draumen om å skape ein eigen arbeidplass
Etter ei stund i Noreg, begynte Svetlana å drømme om å skape si eiga verksemd og arbeidsplass. Ho ville fortsette med favorittjobben sin, på den plassen som no var den nye heimen deira.
Sommaren 2023 opna ho salongen Spa Saloon "Candy", kor ho tilbyr behandlinger som blant anna anti-stress massasje, massasje med varme steiner og rygg- og nakkemassasje.
–Eg er veldig glad for at eg har moglegheit til å fortsette arbeidet mitt her i Surnadal, for å få fleire kundar som fortener å unne seg ein luksuriøs massasje, og få ein pause frå kvardagens problem, seier Svetlana.
I Ukraina arbeidet Svetlana i over 10 år som kosmetolog, og ho har eit ønskje om å vidareutdanne seg på eit universitet i Noreg.
Lysare dagar
No etter ett og eit halvt år ser alt lysare ut for Svetlana. Ho seier at ho er mykje meir komfortabel no, og at ho har forelska seg i Noreg.
–Dette er heimen min no, seier ho.
Ho fortel at ho no elskar Noreg og nordmenn sin mentalitet og venlegheit. Ho likar det rolege tempoet og den fantastiske naturen, solnedgangane og å fiske.
–Eg drømmer om å fange ein fisk som er lengre enn 1,5 meter! seier Svetlana.
- Eg elskar dykk, mine klientar, god jul til alle, kjærleik og fred til familiane deira, avsluttar ho.
Spa Saloon "Candy"
Du kan ta kontakt med Svetlana ved å søkje opp namnet på salongen på Facebook, eller på nettsida www.candyspa.no. Sjølve salongen finn du i Landbrukshuset på Skei, Svartvassvegen 2.