Surnadal kommune melder: 

Surnadal kommune sin logo/komunevåpen

Informasjon om skuleskyss frå skulestart

Surnadal kommune har dei siste dagane motteke fleire spørsmål og bekymringar knytte til det nye bussopplegget på Indre Nordmøre. Vi har hatt dialog med FRAM og Møre og Romsdal fylkeskommune om saka.

Vi ønskjer å informere om følgjande:

  • Kapasiteten for elevar som ikkje har lovfesta skyssrett er den same som i Gryta som i fjor. Det er likevel ikkje sikkert at det er den same bussen som køyrer som før.

  • Dersom du er usikker på korleis avstanden mellom heim og skule er berekna, kan du sjå dette i fylkeskommunen sitt kartverk for skuleskyss: Kart for berekning av skuleskyss.

  • Du kan følgje bussane i sanntid på FRAM sitt kart: Sanntidskart FRAM.

  • Surnadal kommune vil samle inn og melde vidare avvik, utfordringar og erfaringar etter at skuleåret har starta.

  • FRAM har gjort det tydeleg at det kan bli behov for justeringar i rutetilbodet når dei nye rutene har vore i drift ei stund.

  • Vi oppmodar føresette og andre som oppdagar feil eller utfordringar om å sende inn informasjon til kommunen på e-post: post@surnadal.kommune.no.

Vi har forståing for at endringar i skuleskyssen skaper spørsmål og uvisse. Samstundes er det viktig å få erfaringar frå faktisk drift etter skulestart før det kan gjerast endelege vurderingar av behovet for justeringar.

Powered by Labrador CMS