ANNONSE FRÅ SURNADAL KINO:

Ekstra dose kino

Vinterferie fører til meir kino – to nye filmar frå denne helga!

Det er lagt inn seks ekstra kinoframsyningar i den komande veka – både på kveld og dag. «Wonder Woman 1984» og «Bien Maja og Det gylne egget» er nye på plakaten.

Endeleg ein storfilm igjen: Etter utsetting på utsetting av dei mest dyre produksjonane, slepp no byråa ein av desse meir påkosta filmane: «Wonder Woman 1984». Wonder Woman la band på superkreftene sine for å leve tilnærma normalt, men det vart ikkje slik altfor lenge…

Promofoto frå Wonder Woman.

Lassie sprang nokre gongar over kinolerretet sist veke. Det var tydeleg nok eit etterlengta gjensyn for mange, så «Lassie kommer hjem» også i den komande veka.

Foto frå "Lassie kommer hjem"

Ny barnefilm er «Bien Maja og Det gylne egget» – ein animasjonsfilm for dei aller yngste. Bia Maja og Willy, og eit par forvirra maurar, finn eit egg som fører dei ut på eit topphemmeleg oppdrag.

Du finn heile kinoprogrammet her: https://surnadal-kulturhus.no/program/

"Bien Maja og det gylne egget"
Powered by Labrador CMS