TV-aksjonen 2021:

En positiv gjeng fra 5. trinn før start.

Støttar TV-aksjonen med skulejogg

Etter strålande innsats frå elevane, har Surnadal barne- og ungdomsskule samla inn over 10 000 kroner til TV-aksjonen.

Publisert

Søndag er det klart for TV-aksjonen 2021, «Barn, ikkje brud». Denne veka jobbar elevane frå 1.-7. trinn ved Surnadal barne- og ungdomsskule med det viktige temaet, og dei gjennomfører i tillegg skulejogg for å markere aksjonen.

Ifølgje heimesidene til aksjonen, vert det gifta bort ei jente ein plass i verda kvart tredje sekund. Inntektene går i år difor til Plan International Norge sitt arbeid mot barneekteskap. Målet er å nå ut til tre millionar menneske, for å få slutt på barneekteskap i dei landa der problemet er størst: Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger.

Trykk her for å lese meir om TV-aksjonen 2021, «Barn, ikkje brud».

Då Trollheimsporten var på besøk torsdag ettermiddag, nytta 30 elevar frå 5. trinn ved Surnadal barne- og ungdomsskulen den siste skuletimen til å jogge, gå og tidvis spurte rundt Øye stadion - runde etter runde.

Femteklassinger på vei rundt Øye stadion for en god sak!

– Elevane har gjort ein kjempeinnsats. Alle deltek, og alle i løpet av veka har alle trinna sprunge, til inntekt for TV-aksjonen. 7. trinn sprang nettopp i pøsregn, og då dei i utgangspunktet var ferdige, var det så god stemning at dei spurte om dei kunne få springe fleire rundar, seier inspektør Eva S. Rønning.

Rønning og kontaktlærar for 5A, Frode Hågen Raaen, fortel at elevane sjølve har gjort avtalar med foreldre og annan familie, som bidreg til skulen sin Spleis-aksjon til inntekt for «Barn, ikkje brud».

– Det er litt opp til kvar enkelt kva dei har avtala med foreldre og andre, om påskjøning for innsatsen. Nokon får betaling per runde, men korleis dei vel å støtte aksjonen, er ein diskusjon mellom ungane og foreldra. Så det er veldig ryddig og greitt, sånn sett, seier han.

I skrivande stund har Spleis-aksjonen til Surnadal barne- og ungdomsskule fått inn til saman 10 618 kroner frå heile 60 gjevarar.

– Det tykkjer eg er veldig bra, seier Raaen, vel vitande om at det framleis er fire dagar att til sjølve TV-aksjonen.

Gjennom veka har elevane jobba i klassane med nettbaserte undervisningsopplegg, blant anna gjennom Salaby - Gyldendal Forlag sitt digitale læringsunivers for barnehage og grunnskule. Der er det både videoar, diskusjonsoppgåver og faktainformasjon.

Raaen rosar ungane for gode refleksjonar og tankar i samband med tema-arbeidet.

– Det er klart, det er vanskeleg for dei, som bur i Noreg, å ta innover seg problemstillinga – at ungar på deira alder kan bli gifta bort. Men det har gått meir og meir opp for dei i løpet av veka, seier han, og fortsett:

– Femteklassingane har absolutt komme med mange gode spørsmål og innspel i diskusjonane, tykkjer eg. Dei skjønnar mykje meir av kva som går føre seg, og at dette ikkje berre skjer i andre land. Vi har jo situasjonar i Noreg, både historisk sett og no, der familiar blir sendt ut av landet og barn gifta vekk. Så det er heilt klart eit aktuelt tema.

Også inspektør Eva S. Rønning er full av lovord etter elevane sin innsats.

– Den iveren elevane har vist har vore heilt magisk. Eg er stolt av dei, seier ho.

Topp innsats og godt humør!
Powered by Labrador CMS