Ann Elisabet Holten Solem, Ingrid Hansen Røv og Elise Hansen Røv
Ann Elisabet Holten Solem, Ingrid Hansen Røv og Elise Hansen Røv

Gaue dreker på Røv mølle

Søndag ettermiddag er det full aktivitet på Røv Mølle. Det er ei lang kø med bønder som vil levere kornet sitt.

Publisert Sist oppdatert

Det har vore tresking for harde livet dei siste dagane på grunn av det fine veret. Det er ein fordel for bøndene at kornet er så tørt som mogleg når det skal leverast.

Røv mølle har sett fram kaffe og plommer til slitne bønder i traktorkøa, så da passar det bra at Elise og Ingrid kjem med heimelaga muffins.

- Det er så gøy at folk blir så glade, seier Ingrid.

John Arne Lesund seier ikkje nei takk til ein muffins
John Arne Lesund seier ikkje nei takk til ein muffins

Jentene er nærmaste nabo til Røv mølle, og hiv seg rundt og lagar kaffebrød når dei ser at køa på mølla blir lang.

- I fjor var jentene skuffa, på grunn av koronaen vart det ikkje noko servering, fortel mamma Marianne. I år derimot tek dei oppatt tradisjonen, dei tykkjer det er stas, seier ho.

Det tenkjer vi bøndene tykkjer også!

.