Soldag hos Svorka

Det er ikkje berre sola som skin!

Det skin sol for Svorka

Strøm frå solcellepanel er 100% avgiftsfritt, sa Erik Landsem, - ittjnå anna i Norge som er det!

Publisert Sist oppdatert
Lunsjmøtet fylte kantina hos Svorka
Sylvia Stokke

Onsdag var kantina i Svorkabygget full av folk som var interessert i kunnskap om solcellepanel for landbruk, næring og private bustader.

Sylvia Stokke er konsernledar Salg og Marked i Svorka. Ho ønska forsamlinga velkommen med å slå fast at Svorka med å satse på solcellepanel utvidar aktiviteten sin i takt med tida. Strøm frå sola er fornybar og bærekraftig, sjølv om produksjonen av solcellepanel krev mykje energi.

Sara Akerfeldt er konseptutviklar for solcellesatsinga hos Svorka og er den der i huset som har satt seg mest inn i dette temaet.

Sara Akerfeldt
Soldag, med sol over solbrød og Solo!

Leiting på nettsider gir ikkje alltid fullstendig svar på alt, når du undersøker om solcellepanel er ei løysing for deg. Svorka vil hjelpe deg ved at du kan avtale samtale med dei, og du kan få befaring av fagfolk på eigedommen din. Det kan føre fram til eit godt og skreddarsydd tilbod, gratis.

John Bernhard Roten, HVACS

Solkonto er eit begrep som dukkar opp. Det betyr at du kan lagre overskottsstrøm på ein virtuell konto hos Svorka – som på eit batteri – og ta den ut igjen når solcellene dine produserer mindre. Strøm lagra i sommarmånader kan takast ut i vintermånader. Det er ingen nettleie på eigenprodusert strøm.

Du kan også vere Plusskunde hos Svorka. Da kan du selge solstrøm du ikkje brukar sjølv til Svorka.

Gjennomtenkt dekorasjon!

Svorka har knytt til seg det trønderske firmaet HVACS som leverandør av solcellepanel. Rissa Kraftlag er ein av eigarane. Forsamlinga fekk ei grundig orientering om solcellepanel frå den daglege ledaren hos HVACS, John Bernhard Roten.

Publikum viste stor interesse for kvaliteten på solcellepanela, og fekk svar på krav og kvalitet; om dei ville tole sterk vind og store snømengder. Her har utviklinga gått rett veg, og produkta som no er å få tak i, er av solid kvalitet.

Alle innlegga anbefalte solcellepanel. Kor lønnsamt det er og kor lang tid det tek før du har tent inn investeringa, er avhengig av veret og av straumprisane, dermed blir det ein stor grad av spådom!

Eksempel frå appen

Erik Landsem, som er fagleg ledar hos det Svorkaeigde installasjonsfirmaet El-Co, gav oss eit bilde av solcelleanlegget som vart installert hos John Ingebrigt Gjerstad i Grytåfeltet siste haust. Det har vore i drift i nokre månader, og Gjerstad kan følgje med på produksjonen både i sanntid og historisk på appen på telefonen.

Erik Landsem påpeiker at straumen frå solcellepanela er 100 % avgiftsfri, - å det e det ittjnå anna så e i Norge, kommenterte han.

John Ingebrigt Gjerstad
Eksempel frå appen som viser ein solglimt i tolvtida.

Gjerstad er svært godt fornøgd med solcellepanelet han har på taket til huset sitt i Grytåfeltet. Samarbeidet med Svorka og El-Co har vore god. No vurderer han å legge solcellepanel på garasjen også. Det gjeld å fange sollyset heile dagen.

Sparebank1 Nordmøre ved Liv Dalsegg og Arne Berset var på plass og orienterte om finansiering. Der har bankane Grøne låneprodukt. Det kan du lese meir om her på nettsida til Sparebank1 Nordmøre.

Trollheimsporten hadde denne forhåndsomtalen av Soldagen.

Powered by Labrador CMS